Romsdalsaksen fekk seg solid oppdrift nyleg då fylkesutvalet i Møre og Romsdalopna døra på gløtt for dette vegprosjektet. Opninga var rett nok lita, men ei tynn strime av lys gav nytt håp.

Fylkesrådmannen er pålagt å legge fram ei sak om utgreiing av dette prosjektet som alternativ til Møreaksen. Etter planen skal politikarane ta stilling til om dei skal krevje dette i juni.

No ser det ut til å vere eit arbeid fylkesrådmannen kan spare seg. Sjansane for at eit slikt krav skal få fleirtal er minimale etter at statsminister Erna Solberg i Romsdals Budstikke i helga åtvara sterkt mot omkamp.

«Når toget går så går toget», seier ho, og seier at eit bytte av prosjekt vil gi store forseinkingar for ei ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden.

Trasévalet er tatt. Først av regjeringa. Så har Stortinget gått eitt steg vidare og sett Møreaksen inn i Nasjonal transportplan, til stor jubel særleg frå representantar frå regjeringspartia. Vi har knapt nok sett breiare smil på ei pressekonferanse på ei ferjekai.

Derfor er det ekstra oppsiktsvekkande at det var fylkesleiaren i Framstegspartiet som stilte seg i spissen for ein omkamp om traséval.

Når statsministeren er så krystallklar, er det all grunn til å lytte. Det er som sagt regjeringa som har tatt trasévalet, og statsministeren er ikkje innstilt på å «halde av plassen i køen». Tvert imot åtvarar ho mot at plassen kan gå tapt.

Ber om utredning av Romsdalsaksen

Sve legger seg flat: – Jeg tok feil om Møreaksen

Risikoen ved ein omkamp er nettopp faren for at kryssing av Romsdalsfjorden blir utsett på ubestemt tid, og at Møre og Romsdal blir ståande at som taparar i kampen om samferdslekronene.

Sjølvsagt er det lov å kjempe vidare for å få omgjort tidlegare val. Det er også lov å ri nye hestar for å bli fylkesordførar. Men det skal godt gjerast å sveve høgt på å bruke all pust på ein sprokken ballong.

Erna har sagt sitt.

Ferdig snakka!