Med fare for å få målfolket på nakken; kvifor er feiringa av språkåret så traudig?

Vi feirar språkåret 2013. Bidraget til Noregs mållag er Nynorsk- stafetten. I ein oransje stafett- bil, fylt med kampanjemateriell og ein aktivist bak rattet, skal nynorskfolket reise i fotefara til nynorskhøvdingen, Ivar Aasen.

På programmet står 140 etappar landet rundt. Dag for dag kan vi vere med på vekslingane, via stafettbloggen.

«Dagen byrja med allsong av Nordmannen. Deretter har det blitt lagt ned blomar på bautaen av Ivar Aasen og Anders Hovden i Ørsta sentrum».

Slik starta den første oppdateringa av bloggen då startskotet for nynorskstafetten gjekk måndag denne veka. I løpet av sine første dagar har stafetten vore innom Ørsta og Volda, Vanylven, Hareid og Herøy. I dag står Ålesund for tur og neste veke går ferda mellom anna til Sykkylven og Haram. Og slik rullar stafetten vidare fram til oktober. Programmet skal dei lokale mållaga stå for.

Vi feirar språkåret 2013

Det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd i Hovdebygda i Ørsta og det er 100 år sidan opninga av Det norske teater. Begge gode grunnar til å feire. Mållaget vil bruke høvet til å spreie glede over nynorsken. Og få fleire til å bruke nynorsk, sjølvsagt.

Språk er artig og viktig. Språk er nødvendig. Språk angår oss. Språk skapar identitet og formar kultur. Språk vekkjer følelsar. Difor tek eg vel imot språkåret og ideen om ein nynorskstafett. Hittil har feiringa vore prega av sutring frå Riksmålsforbundet og ei undersøking som viser at fleirtalet av det norske folk likar Ivar Aasen. Men så er vi jo berre så vidt i gong.

Vi feirar språkåret 2013

Og egheiar gjerne på Ivar! Han må ha vore ein raring, men prosjektet han gjennomførte har gitt oss eit språkleg mangfald. Vi hadde vore fattigare utan.

Difor må ikkje mållaget vere nøgd berre med å arrangere ein stafett som går frå kommune til kommune. Når nynorskbilen køyrer stafettpinnen frå stad til stad må målet vere å skape debatt, språkleg engasjement. Det er ikkje nok med allsong og besøk på ordførarkontor og skular.

Vi feirar språkåret 2013

To tøffe jenter som vågar å meine noko er Tuva Eikås Hagen og Ingeborg Koppen, begge tiendeklassingar frå Ørsta.

– Nynorsk er språket vårt, men nynorsken er litt gamaldags og må fornyast. Sjølv om «røyndom», «hugnad» og «kjærleik» er fine ord, blir dei ikkje brukt, meiner dei to vinnarane av nynorskquizen, arrangert då startskotet for nynorskstafetten gjekk denne veka.

Sjølv om mållaget gjerne vil hevde at nynorsken stadig blir oppdatert, bør vi lytte til Tuva og Ingeborg. Det er dei som skal ta arven etter Aasen vidare. Språket endrar seg raskt. Vi adopterer ord og uttrykk: Dei små endringane snik seg inn, først i tale så i skrift, sjølv i Ørsta.

Vi feirar språkåret 2013

Det inneber feiring ikkje berre av nynorsken, men og av bokmål, dialektar, urspråk, minoritetsspråk, innvandrarspråk og teiknspråk. Språkåret har som mål å vere ei raus og inkluderande feiring av det norske språkmangfaldet. Då må også andre enn mållaget på banen, om feiringa skal bli vellukka.

Vi feirar språkåret 2013

Det er berre ein månad gamalt, og det er framleis mykje tid igjen til flott feiring. Utfordringa er å gjere året til noko meir enn ein fest berre for dei spesielt interesserte.