Kronikk

«Blir barnet ditt mobba?»

Mobbing kan starte tidleg, allereie i barnehagen, og mobbeombodet oppmodar foreldre som opplever dette om å søkje hjelp om dei føler dei ikkje blir høyrde når dei tek opp problema med barnehagen. Det skriv mobbeombodet og elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal i denne kronikken.

Lågterskeltilbod: Mobbeombodet skal vere eit lågterskeltilbod som bidrar til at dei som opplever mobbing raskare kan få hjelpa dei treng for å få oppfylt rettane sine. Illustrasjonsfoto. 

Kronikk

Alle barn og unge har rett til å ha det trygt og godt i barnehagen og på skolen. No har Møre og Romsdal har fått sitt eige mobbeombod som kan hjelpe og støtte deg og barnet ditt.

Nokre barn og unge fortel til foreldra sine at dei blir mobba og plaga på skolen. Andre seier ingenting. Dei er redde for at mobbinga blir verre viss vaksne får vete om det. Samstundes er dei redde for å skuffe eller bekymre foreldra sine. Både det å bli utsett for mobbing og det å vere ein som mobbar, er forbunde med stor skam.

Sjølv om barnet eller ungdommen din seier at alt er ok i barnehagen eller på skolen, har du kanskje lagt merke til at han eller ho sluttar å invitere andre med heim, eller aldri blir invitert med andre? Kanskje viser barnet meir og meir motvilje mot å gå i barnehagen, på skolen, trening, sosiale tilstellingar? Kva gjer du då?

Foreldre i Ålesund fikk medhold hos fylkesmannen etter at de klaget på dårlig forhold mellom lærer og elev

Flere klagesaker etter mobbeparagrafen

Eleven følte seg krenka og trakassert av læreren i fire år. Nå har fylkesmannen slått fast at en barneskole i Ålesund ikke gjorde nok for å gi eleven et trygt skolemiljø.


Eit naturleg startpunkt er å ta det opp med skolen eller barnehagen som barnet ditt går i. Dei har eit ansvar for at barnet ditt er inkludert i fellesskapet og har det trygt og godt. Barnehagen eller skolen skal sette inn tiltak, slik at situasjonen betrar seg.

Men kva gjer du viss situasjonen ikkje blir betre? Viss du opplever at skolen eller barnehagen ikkje tek deg og barnet ditt på alvor? Du har sagt ifrå, men du blir ikkje høyrd? Du er usikker på kva for rettar barnet ditt har og kva du kan forvente av barnehagen og skolen?

Kan mobbeombodet hjelpe deg? Ja, mobbeombodet kan hjelpe deg, barnet eller ungdommen din. Mobbeombodet kan gi råd og rettleiing om korleis du kan gå fram vidare i saka. Ombodet er uavhengig av barnehage og skolen og talar barna og ungdommen si sak. Mobbeombodet har teieplikt.

Er du er usikker på om barnet ditt har det bra i barnehagen eller på skolen, kan mobbeombodet vere ein samtalepartnar, nokon du kan diskutere små eller store spørsmål med. Barnet ditt treng ikkje å vere mobba for at du kan ta kontakt med mobbeombodet.

Nytt mobbeombud tilsett i Møre og Romsdal

Kristin Øksenvåg (45) er tilsett som mobbeombod i Møre og Romsdal.


Om situasjonen kjennest heilt fastlåst, kan mobbeombodet rettleie og hjelpe til i dialogen mellom deg og skolen eller barnehagen.

Mobbeombodet skal vere ein støttespelar og styrke foreldre og barn i deira situasjon.

Også tilsette og leiarar i barnehage og skulen kan ta kontakt med mobbeombodet. Mobbeombodet skal også jobbe med å førebygge mobbing i samarbeid med barnehagane, skulane og andre i fylket vårt.

Vi veit at mobbing startar tidleg, allereie i barnehagen. Derfor har det vore viktig å få på plass ei ombodsordning som dekker heile løpet frå barnehage til vidaregåande opplæring. Mobbeombodet har primært ansvaret for barn og unge i barnehage og grunnskole, mens elev- og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring. Saman skal omboda passe på at barn og ungdom som opplever å bli utestengt, krenkt og mobba raskare får den hjelpa dei treng for å få oppfylt rettane sine.

Vil ha eget mobbeombud i Ålesund

– Det er noe i skolen som ikke stemmer. Det er dessverre ikke alt som står rett til. Mange av barna våre slites i stykker av et skolemiljø som ikke er bra.


Ordninga er eit spleiselag mellom fylkeskommune og stat, og eit ledd i regjeringa sitt arbeid mot mobbing. Denne hausten vert det oppretta mobbeombod i alle fylke.

Med eit mobbeombod har foreldre, barn og unge fått eit lågterskeltilbod. Det er gratis, enkelt å ta kontakt og tilgjengeleg viss du treng det.

Kristin Øksenvåg
Mobbeombod i Møre og Romsdal

Tove Regine Stranden
Elev- og lærlingombod i Møre og R.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.