Kronikk:

«Forbod mot krenking – eit utvitydig gode?»

Dei og oss: Delar av kvit arbeidarklasse og lågare mellomklasse i USA har fått dårlegare økonomiske vilkår og vart råka av aukande arbeidsløyse. Slik har dei fått sterkt svekka sosial status og definerer seg oftare som offer. Det har gitt mellom anna styrka posisjonen til yttarleggåande nasjonalistar og «kvit makt»-rørsler. Biletet er frå Charlottesville der ein nazisympatisør køyrde inn i mengda av motdemonstrantar til ein demonstrasjon av kvite nasjonalistar.   Foto: NTB Scanpix

Slik har dei fått status som offer, både i eigne og andres auge, og i sin tur har det gjort dei mottakelege for høgre-nasjonalistiske forklaringar

Kronikkforfattar: Atle Måseide (frå Hareid) er instituttleiar ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Tromsø 

Kronikk

Kva eg er og forstår meg som, er på avgjerande vis avhengig av korleis andre stiller seg til meg. Vik måten eg ter meg på, av frå andres oppfatning av meg, er dommen: «Kva innbiller du deg at du er?»

Behovet for anerkjenning inneber eit moralsk krav. Blir kravet ikkje respektert, inneber dét krenking. I ekstremtilfellet inneber krenking at identiteten min er redusert til det andre meiner om meg.

Dette gjeld ikkje utelukkande for individ. Det gjeld òg sosiale grupper. I slike tilfelle er det tale ikkje berre om «krenking», men også om «undertrykking».

Definerer seg som offer

Det er difor ikkje urimeleg at personar som tilhøyrer ei slik gruppe, slår seg saman og definerer seg som «undertrykte», «offer» og «krenka».

På grunnlag av det krev dei oppreising og at det vert tatt særleg omsyn til interessene og behova deira.

Dette kan, for å ta nokre tilfeldige døme, føre til skiping av politiske organisasjonar, krav om kvinnefrigjering, etc. Aksept av homofili har noko av grunnlaget sitt i at ein har blitt akseptert som undertrykt gruppe, som har gjort homofili moralsk legitimt. Islamsk raseri over Muhammed-karikaturar og krav om straff er ei side ved same sak.

I sin tur kan identitet som offer eller undertrykt komme til å ha konsekvensar i strid med gruppas intensjonar. Ulike grupperingar utviklar, kvar for seg, versjonar av eiga rolle som offer. Særinteresser og særkrav står mot kvarandre.

Moralen på si side

Er ein offer eller krenka, er ein undertrykt. Den undertrykte har moralen på si side, ikkje undertrykkaren.

Resultatet kan bli aggressivt moralsk retthaveri. Dei som tilhøyrer gruppa, kan såleis dyrke det dei ser på som moralsk rettkomme hat mot dei andre.

Det finn stad ei avgrensing andsynes andre. Det er «dei» mot «oss». Slikt skaper ei oppfatning av gruppa som eksklusiv og utelukkar andre gruppers legitime interesser.

Freistar desse fremje sine krav, blir dét sett på som fiendtleg trekk. Ei form for tribalisme utviklar seg, der samfunnet vert kløyvd i grupper som står i innbyrdes meir eller mindre fiendtlege relasjonar. Vilkår for gjensidig tillit forvitrar.

Staden der slikt først kjem til syne, er ofte USA. Frå åttitalet spakna amerikansk venstreside sitt politiske engasjement for rettferdig fordeling. I staden overtok støtte til og kamp for sosio-kulturelt svakare grupper, t.d. etniske minoritetar, kvinner, svarte, homofile, flyktningar, immigrantar, etc. Desse vart forstått som undertrykte, som gav moralsk høgstatus.

Dette har å gjere med amerikansk historie, framfor alt borgarrettsrørsla på sekstitalet. Motstanden den ytte mot undertrykking, var ikkje-valdeleg. Dét gav ein moralsk vinst: Lykkast ein i å definere seg som undertrykt og få aksept for det, har ein moralen på si side.

Krenkingsfrie soner

Det kan lønne seg å få aksept for at ein er offer eller krenka. Talet på slike grupper har auka dramatisk, ikkje minst ved amerikanske utdanningsinstitusjonar. Ved fleire universitet har krenkingsfrie soner blitt oppretta.

Fagleg drøfting og undervisning av tema som kan bli oppfatta som krenkande av grupper som har status som undertrykte, er langt på veg gjort ulovleg.

Det har komme så langt at ein kan seie at ytringsfridom, som er nødvendig vilkår for meiningsfull vitskapleg forsking, for fleire fagområde har svært dårlege kår.

Alt for tjue år sidan peika filosofen Richard Rorty på følgjande konsekvens av krenkingssyndromet:

I innsatsen til fordel for undertrykte eller sosialt svake grupper har venstresida i amerikansk politikk vore blind for korleis andre grupper, særleg deler av kvit arbeidarklasse og lågare mellomklasse, på grunn av globalisering har mist arbeidsplassar og dermed fått sterkt svekka sosial status.

Slik har dei fått status som offer, både i eigne og andres auge, og i sin tur har det gjort dei mottakelege for høgre-nasjonalistiske forklaringar på status-tap og situasjonen dei har hamna i.

I tråd med offer-ideologien er desse av den politiske høgre-sida blitt definerte som dei undertrykte, men reelle berarane av den eigenlege amerikanske kulturen.

Dei har følgjeleg eit moralsk rettkomme krav på vern av den kulturelle og moralsk overlegne identiteten sin. Skal dét kunne skje, må ein gå til kamp mot alt som krenker denne kulturen. Dei andre blir dermed moralsk demoniserte.

Kompromiss som svik

Å snakke om kulturell identitet er lett. Identifisere den er ikkje like enkelt. Dét spelar likevel inga viktig rolle. Det vesentlege er ønsket om identitet, følgjeleg òg om avgrensing mot dei andre. Identitet knytt til krenking blir skapt gjennom konflikt.

Invaderer dette politikk, slik at konflikt blir vilkår for politisk identitet, kan det komme til å undergrave ein avgjerande føresetnad for demokrati.

I demokratiske samfunn har ulike parti og politiske oppfatningar trass i usemje kunna stø seg på ein tradisjon av verdiar som bind dei saman.

Blir usemja for stor og konfliktane uløyselege, vil den grunnleggande semja og gjensidig tillit truleg måtte bryte saman. I USA har tilhøvet mellom demokratar og republikanarar i den amerikanske kongressen og elles sidan slutten av åttitalet utvikla seg i retning av krigstilstand.

Vilje og evne til kompromiss er ein vesentleg føresetnad for parlamentarisk demokrati og indikator på korvidt semja om grunnleggande verdiar er intakt.

Denne viljen ser ut til å vere alvorleg svekka.

Tilsvarande finn ein tendensar til i Europa, der høgre-populistar i ulike former framstiller seg som dei undertrykte, men eigentlege berarane av nasjonal kultur.

Dei er nasjonens redningsmenn. Dei andre, dvs. dei etablerte partia, krenker folkets vilje og er difor politiske og moralske svikarar. Å inngå kompromiss er såleis svik.

Det moralske målet kravet om vern mot krenking, kan, om ein ikkje skil mellom legitim og illegitim krenking og difor lar krenkingssyndromet få utvikle seg fritt, på sikt vise seg vere sin eigen fiende.

Atle Måseide
Tidl. førsteamanuensis i filosofi, Hareid

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.