«EU – ei «rettsstatleg» forskreving?»

EU i trøbbel: Som følgje av rettsleggjering er politiske vedtak i EU-parlamentet ofte i strid med behova og interessene til EU-borgarane, skriv Atle Måseide i denne kronikken.  Foto: NTB scanpix

Kronikkforfattar: Atle Måseide (frå Hareid) er pensjonert førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Tromsø. 

Kronikk

EU er i hardt ver. Høgre-populistiske og -radikale parti freistar ta makta frå «Brüssel». Integreringa i EU er så langt kommen at oppløysing truleg er uråd. Dei land som sterkast kjempar mot vidare integrasjon, er til dét alt for avhengige av økonomiske overføringar frå Brüssel. Like fullt, integreringsmotstand, kamp mot demokrati og rettsstat pregar EU.

Harmonien som tidlegare har rådd i EU-parlamentet, har ikkje hatt basis i befolkninga i medlemslanda, heller ikkje medlemslanda sjølve. Forståing for legitim kritikk har mangla. Kritikk er blitt sedd på som EU-motstand. Kan integrasjonsarbeidet ha skapt framvokster av høgre-radikale og -populistiske rørsler?

Brexitparti kan bli EU-parlamentets største

Brexitpartiet i Storbritannia, som vil ha landet ut av EU så raskt som mulig, kan bli det største enkeltpartiet i hele EU-parlamentet.


At slike rørsler fins utanfor Europa, viser at EU-integreringa ikkje kan vere einaste årsak. Truleg ligg rota til den spesifikt europeiske utviklinga i at EU har endra seg frå eit økonomisk eit politisk prosjekt – utan at EU-borgarane har fått tilsvarande vilkår for deltaking som dei har i tradisjonelt statlege demokrati.

I valet til EU-parlament røystar folk på parti med nasjonale program. I Parlamentet spelar desse programma ei underordna rolle. Parlamentariske fraksjonar som blir danna i Strassbourg, manglar nasjonale rotfeste. Det er ikkje europeiske alternativ veljarane eigenleg tar stilling til.

Økonomar førutsåg finanskrise knytt til innføring av felles valuta. Kritikken var utan effekt. Krisa er ikkje over. Årsaka, skilnad i økonomisk styrke mellom nord og sør, er der framleis. Migrasjonskrisa har avdekt mangel på europeisk solidaritet. Brexit kom uventa. Forfall i demokrati og rettsstat, er pinleg. Europeisk samhald tilsvarande ei nasjonalkjensle fins ikkje.

To faktorar ser ut til å spele ei viktig rolle i denne samanhengen. På seksti-talet kom to avgjerder frå Europadomstolen med følgjer ingen førutsåg:

(1) Europeiske avtalar forplikta medlemsstatane til å skape ein felles marknad. Statar som ikkje oppfylte kravet, kunne rettsleg forfølgjas.

(2) Europa-rett har forrang i høve til nasjonal rett, jamvel nasjonal grunnlov.

Den utilsikta innebørda var at nasjonale parlament vart vengeklipte. Nasjonal rett kom i fleire tilfelle til å fungere som hinder for fri marknad. Pålegget om etablering av ein felles marknad kravde at alt som kunne vere til hinder for dette, må vike.

Det kan beskrivas som at EU sitt rettsapparat kom til å undergrave nasjonalt demokrati. I staden for EU som rettsstatleg demokrati fekk ein ei «retts-statleg» forskreving: i den forstand at rettsapparatet, som skal sikre demokratiet, i røynda erstatta det.

Integrasjonen som følgde hadde to sider, ei politisk og ei rettsleg: (a) Nasjonalt kunne parlament og regjering freiste realisere målsettinga om felles marknad ved å tilpasse rettsapparatet til dette. Tilsvarande kunne EU-rådet og -parlamentet bidra. (b) Den rettslege framgangsmåten innebar at dei deler av nasjonal rett ein såg på som hinder for marknadsfridom, vart sette til sides. Demokratisk legitimerte og ansvarlege institusjonane si rolle var i beste fall alvorleg svekka. Nasjonal styring av økonomien let seg lett fjerne. Europadomstolen avgjer.

Ordninga dette opnar for, tvingar medlemslanda til å opne seg for utanlandske firma. Freistar ein gripe inn og kontrollere dei sosiale følgjene, er svaret at dette hindrar marknadstilgangen. Skal ein kunne styre dette, krev dét rettsleg avgjerd på EU-nivå, som i sin tur føreset tiltak frå Kommisjonen og semje mellom medlemslanda i Rådet og aksept i Parlamentet. Dette er til fordel for økonomisk neoliberalisme.

Vilkåret for at medlemslanda i EU skal kunne vekse saman, er at dei blir fråtekne politiske kompetansar og tvinga til de-regulering. Avtalane EU-domstolen rettsleggjorde, har gjort dette mogleg. Avtalane og kontrollen dei bar med seg, verkar som ei statsforfatning: Alt som er regulert i forfatninga, er utanfor politisk kontroll. Rettsleggjering svekker demokrati og rettsstat: Ei forfatning si oppgåve er å vere juridisk ramme om politiske avgjerder. Vedtaka skal sjølve skal gjeras i ein demokratisk prosess

Avtalane EU har rettsleggjort, har innskrenka rommet for politisk-demokratiske avgjerder dramatisk. Rettsapparatet har overtatt politikkens rolle. Demokratisk legitimerte og kontrollerte institusjonar er utelukka og kan ikkje endre ved dette.

Dette inneber at politiske vedtak i EU-parlamentet på grunn av rettsleggjeringa ofte er i strid med behova og interessene til EU-borgarane. Dette blir, sjølvsagt, utnytta.

EU har i mindre og mindre grad vore i stand til å legitimere seg demokratisk. Dette har vore kalla EU sitt demokratiske underskott. Etter kvart har dette blitt dramatisk, ikkje minst pga nedbygginga av rettsstatlege og demokratiske institusjonar i ei rekke nyare medlemsland, for ikkje å snakke om eldre medlemmer som Italia og Frankrike. Paradokset er at medan EU lever av den legitimitet som medlemslanda og demokratiske prosessar der gir, undergrev EU demokratiet ved å innskrenke medlemslandas politiske spelerom.

Skal krisa i EU kunne meistras, er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, vilkår styrking av demokratiske institusjonar og rettsstatlege ordningar i medlemsland. Ein faktor som svekker vilkåret for å kunne lykkas i dette, er mangelen på demokratisk og rettsstatleg tradisjon i fleire av dei nyare medlemslanda – der Polen og Ungarn merker seg ut. Dessutan har ein i EU ikkje førutsett at demontering av demokrati og rettsstat ville kunne skje. Ein har ikkje rettsleg bindande ordningar som hindrar dette.

Freistnader på å rydde opp strandar på at alle medlemmer i EU i så fall må vere samde. At eit tydeleg skille mellom politikk og media ikkje er rettsleg sikra, inneber dessutan at i statar der demokrati og rettsstat vert undergravne, kontrollerer dei styrande politiske partia media. Dermed er vilkåret for reell opposisjon, som eit rettstatleg demokrati krev, utan basis. Det som fins av opposisjonelle røyster, blir utsett for systematisk sjikane. Likskapen med Trump er slåande.

Atle Måseide
Pensjonert førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Tromsø

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!