Kronikk:

«Matsjokket»

Ut av skammekroken, skriv Sunnmørsposten, og meiner at forbrukarane ikkje skal bere ansvaret for matavfall som blir kasta. Vel – så lett bør vi ikkje sleppe unna.

Sortering: Miljøselskapet i Ålesundregionen, ÅRIM, veit ein god del om matavfallet heimane kastar. Med jamne mellomrom analyserer vi avfallet vi hentar., skriv kronikkforfattaren. 

Kronikk

Det handlar om serien Matsjokket, som i desse dagar går på NRK. Serien viser blant anna fleire hundre tusen kilo fårekjøt som aldri havnar på ein middagstallerken. I andre samanhengar har vi høyrt om årleg destruering av millionar av høns og titusenvis av geitekje som blir avliva på grunn av feil kjønn. Dette er til å setje Grandiosaen i halsen av.

Lørdagskommentar:

«Det er på tide at vi forbrukere trer ut av skammekroken og plasserer skammen der den hører hjemme»

Vi vil bare ha lam, ikke sau. Vi vil bare ha rette gulrøtter, ikke krokete. Eller? Det er på tide at vi forbrukere trer ut av skammekroken og plasserer skammen der den hører hjemme.


Eg følgjer Sunnmørsposten som peikar på at både politikarar og matvarekjedene sit med ansvar, sidan dette i praksis blir vurdert som akseptabelt. Der må det gjerast endringar. Men eg vil ikkje la oss som er forbrukarar gå heilt under radaren. I følgje ForMat-prosjektet som vart drive av Matvett i samarbeid med Østfoldforsking, står forbrukar for seksti prosent av matsvinnet vi kjenner til. Talet er sannsynlegvis noko lågare sidan tal frå fleire næringar manglar. Men poenget er, at også vi forbrukar må ta vår del av ansvaret for å redusere det samla matsvinnet.

Mange kastar fullt spiseleg mat

Miljøselskapet i Ålesundregionen, ÅRIM, veit ein god del om matavfallet heimane kastar. Med jamne mellomrom analyserer vi avfallet vi hentar. Funna fortel kva som fungerer og ikkje, og vi ser blant anna kva folk treng informasjon om. Slapp av – vi snokar ikkje, vi veit heller ikkje kven som eig avfallet, men vi kan lese ganske mykje om kva vanar og uvanar Sunnmøringen har.

Og om du lurte? Ja – eg kan stadfeste at Sunnmøre et store mengder Taco og Grandiosa. Ein av uvanane vi har, er at vi kastar mykje mat – og no snakkar eg om fullt spiseleg mat. I ein analyse, såg vi at halvparten av matavfallet folk kasta ikkje kan omtalast som avfall. Det var uopna og fullt spiseleg, god mat. Mykje meieriprodukt. Brød. Frukt. Kjøt- og middagsrestar. I praksis kastar vi kvar åttande matpose rett i søpla, dette tilsvarer rundt 42 kilo per person.

For ein familie på fire blir dette 168 kilo årleg, noko som tilsvarer mat for meir enn ti tusen kroner. Tygg på den – du går frå butikken med åtte proppfulle posar fersk mat, og går rett i matdunken og kastar all maten frå eine bereposen.

Forklaringane er fleire. Først og fremst at vi har råd til å kaste mat. Sjølv om det svir når du drar visakortet i butikken, bruker vi faktisk berre 10-11 prosent av inntekta vår på mat. Dette er mykje lågare enn for nokre tiår sidan, og også lågare enn i mange andre land. Enkelte land bruker over førti prosent av inntekta si på mat. Det er klart dette gjer noko med matsvinnet.


Lørdagskommentar:

«Det er på tide at vi forbrukere trer ut av skammekroken og plasserer skammen der den hører hjemme»

Vi vil bare ha lam, ikke sau. Vi vil bare ha rette gulrøtter, ikke krokete. Eller? Det er på tide at vi forbrukere trer ut av skammekroken og plasserer skammen der den hører hjemme.


Nødvendig at vi vaknar

Eg er heilt einig med Solvang, som skreiv kommentaren. Peikefinger retta mot forbrukarar er tullete, og eg synest sjølv det er utfordrande å unngå å kaste mat i ein hektisk kvardag. Kjøleskapet mitt er stappfullt, og eg må vri hovudet for å finne gode måtar å bruke restematen på. Sanninga er, at i eit land med god råd, med litt manglande fokus på kva matmengder vi treng i det daglege, dårlegare matkunnskap enn tidlegare generasjonar hadde, så har vi for lita bevisstheit rundt maten vi kastar og kva dette har å seie for miljøet og for lommeboka. Når vi handlar. Når vi lagar mat. Og ikkje minst - når vi står og vurderer å kaste meierivarer, kjøt og egg som er utgått på dato.

Difor er programserien Matsjokket på NRK noko vi treng. Vi treng å sjå kvar systema sviktar, kva politiske reguleringar har å seie, vi treng at store matvareaktørar forstår at forbrukar forventar at dei jobbar berekraftig, og forbrukar treng også å sjå den store summen vi får av mange små handlingar. Når svært mange, ubevisst, lar dei single bananane i butikken liggje, så er dette ei av forklaringane på kvifor ein million fullgode bananar blir kasta kvar einaste veke gjennom året.

Forbrukarmakt og berekraft

Difor; Tilbake til forbrukaren. Korleis kan du og eg vere med på å redusere matsvinnet. Eg har to forslag som krev lite av enkeltmennesket, men som gir resultat.

Ein: Stol meir på sansane dine. Du kan vere trygg på eigne vurderingar når du ser, smakar og luktar på maten. Best-før-dato er ei rettleiing. Slapp av med datoskrekken, mat toler ofte meir tid enn du trur. Lag restefest av ingrediensar som er utgått på dato, og utgåtte meieriprodukt gir dagens vaflar eit løft. Her har vi svært mykje å hente.

Nummer to, som eg også vil leggje mest vekt på: Vi som er forbrukarar har eit sterkt virkemiddel – vi har forbrukarmakt. Bruk denne. Varene forbrukarar etterspør, er også dei som får plass i butikken. Spør etter kjøt og varer som blir vurdert som matsvinn, velg desse, og forvent at desse skal vere i hyllene. Kjøper vi ikkje høne og sau, så forsvinn desse produkta også frå hyllene.

Reager når du oppfattar at aktørane ikkje jobbar berekraftig. Dersom ingen gir beskjed, er motivasjonen deira for endring også redusert. Vi som er forbrukarar må også etterspørre at kjedene tek ansvar for å gjere varer som i dag blir kasta, meir attraktive. Sidan vi er mest komfortable med Taco og Grandiosa, treng vi faktisk litt tid på å både oppdage og teste nye produkt. Sushi kom ikkje til Noreg over natta, for å seie det slik. Med tolmod, innovativ produktutvikling og god marknadsføring frå kjedane si side, så er vi forbrukarar i stand til å endre vanar.

Her er vi avhengige av at kjedane tek ansvar for å utvikle nye produkt basert på dei råvarene som i dag blir kasta, og tilpasse desse til forbrukarane sine preferansar. Mi erfaring etter å ha jobba mange år med kommunikasjon og miljø, er at folk flest ønsker å gjere gode miljøval i kvardagen, men også treng tid og ein god dose motivasjon for å endre vanar.

NRK-serien bør sjokkere. Eg håper at kjedar og politikarar oppfattar at forbrukar forventar at mat blir handtert berekraftig - at vi får bort aksepten for at fullt spiseleg mat blir kasta. Her treng vi at media også følgjer opp, også etter at sjokket har lagt seg. Og neste gong du er i butikken – vel ein singel banan eller ei av dei krokete gulrøtene. Det smakar godt å gjere miljøriktige val.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!