Kronikk

Kutt i vidaregåande opplæring

Reaksjonane på fylkesrådmannen sitt budsjettframlegg har vore sterke, ikkje minst frå elevar og lærarar ved dei vidaregåande skulane på Sunnmøre – og frå næringslivet.

Protester: Elevene ved Fagerlia videregående skole med elevrådsleder Marie Selbervik i spissen protesterer kraftig mot nedleggelser i den videregående skole.  Foto: Marius Simensen

Kronikk

Det nye kommunestyret i storkommunen Ålesund etterlyser ei ROS/konsekvensanalyse av dei framlagde forslaga og ein grundigare høyringsprosess før Møre og Romsdal Fylkeskommune går til så radikale nedskjeringar i undervisningstilbodet i vidaregåande opplæring.

Kommunane i nye Ålesund har samarbeida tett med fylkeskommunen i overgangen til ny kommune, og vi har vore av den oppfatning at fylkeskommunen har meint som oss, at den nye kommunen må vere motor og lokomotiv i regionen. Då spelar også eit variert tilbod innanfor vidaregåande opplæring ei sentral rolle.

At dei vidaregåande skulane i nye Ålesund skal stå for nærare halvparten av innsparingane i økonomiplanforslaget for dei komande åra, høyrer ingen stad heime. Spesielt ikkje ettersom det er i denne regionar elevtalet vil vekse framover.

Elevframskrivingane viser at nye Ålesund vil ha ein auke på 195 elevar fram til 2025, samtidig som ein med dette forslaget vil miste 285 elevplassar. Dermed kan ein forvente eit sprik mellom etterspurnad og tilbod på nærare 500 elevplassar i 2025.

Ålesund kommune samhandlar godt med næringsliv, NTNU, Høgskulen i Volda, og andre aktørar i privat og offentlig sektor nettopp for å skape ein attraktiv region med eit variert næringsliv, gode buforhold, eit betre kollektivtilbod og eit rikt kulturliv. Berre slik kan vi bli det tyngdepunktet mellom Bergen og Trondheim som trengst i konkurransen om arbeidsplassar, kompetanse, tilflytting og nyetableringar. Kulturtilbod er eit sentralt kriterium når unge menneske skal velje kor dei skal søke jobb og etablere seg.

Kuttforslaget frå administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune der dei kreative faga vert ramma knallhardt, er å gå baklengs inn i framtida. Fagerlia Vidaregåande skule er den einaste i Møre og Romsdal som tilbyr både musikk, dans og drama – og som i tillegg har klassar med kunst, design og arkitektur. Dette breie tilbodet innanfor dei kreative faga ved Fagerlia har vore ein suksess i Møre og Romsdal fylkeskommune si skulehistorie. Ei halvering av studieretninga Musikk, dans, drama vil ramme det sterke fagmiljøet ved Fagerlia Vidaregåande skule, og medføre at større kunstnariske produksjonar og samarbeid må kuttast ned eller reduserast. Miljøet i Fagerlia har saman med kulturliv, akademia og næringsliv hatt store synergieffektar. Høstscena, Fargespill, The North West og FNs Smart city lab er gode eksempel på partnarar som skulen samarbeider med.




Skolekuttene:

Møre og Romsdal bruker 10.000 kroner mer enn snittet på utdanning per ungdom

Møre og Romsdal har en desentralisert skolestruktur, der målet har vært at færrest mulig skal måtte reise langt eller flytte på hybel for å gå på skole. Det koster fylkeskommunen dyrt.


Elevane frå YKS-linja (yrkes- og studieforberedande kompetanse) ved Haram vidaregåande har vore ettertrakta både for næringsliv og for vidare studiar. I ein region der vi skryt av den tette linken mellom akademia og næringsliv verkar det meiningslaust å legge ned eit slikt tilbod. Dei siste åra har ein også etablert eit liknande tilbod innan Service- og Samferdsel som det einaste i fylket. Vi håper fylkespolitikarane også ser verdien av å oppretthalde det gode tilbodet i Skottland for elevar frå nord til sør i fylket vårt.

Vi ber også fylkeskommunen tenke seg om ein gong til før ein vedtek å legge ned IB (International Baccalaureate) ved Spjelkavik vidaregåande, sidan dette er den einaste skulen i fylket som har dette tilbodet, og sidan ein også har fått på plass eit første år («Pre-IB») som lettar overgangen til IB. Like så forskarlinja ved Fagerlia vidaregåande skule, der ein kuttar i tilskotet. NTNU i Ålesund får mange studentar kvart år frå denne linja, og påpeikar at over halvparten av desse er jenter.

Fylkesrådmannen seier han ikkje vil endre på skulestrukturen i sine forslag. Men bit for bit vert no Ålesund videregående skole fjerna frå kartet. Noko skal flyttast til Fagerlia, noko til Borgund, noko til Spjelkavik. Og det siste no er at Media og kommunikasjon med sine 70 elevar skal leggjast ned og linja flyttast til Volda. I tillegg skal ein gjennomføre ei administrativ samanslåing av Ålesund vgs og Fagerlia vgs. Dette er ei strukturendring som svekker sentrumskulen i Ålesund radikalt, og som dermed også påverkar utviklinga av Ålesund sentrum i det store og heile. Er det noko Fylkestinget har stått saman om dei seinare åra, så er det framfor alt visjonen om å styrke bysentra Ålesund, Molde og Kristiansund.

For mange elevar ved Fagerlia, Haram og Ålesund er fagvala innan dei praktiske og estetiske faga heilt avgjerande for at dei i det heile gjennomfører vidaregåande opplæring. Det er ein reell fare for at fleire elevar ikkje lukkast med ordinær vidaregåande opplæring dersom kuttforslaget vert gjennomført. Av dei elevane som går kunst- og mediefag, er det berre ein liten andel som vel dette som yrkesveg seinare. Majoriteten av elevane brukar sin faglege og kreative kompetanse inn i heilt andre yrke, samstundes som dei svært ofte vert berebjelkar i det lokale kulturlivet.

Vi har forståing for at Møre og Romsdal fylkeskommune står overfor store økonomiske utfordringar, men kan ikkje godta at vidaregåande opplæring i Ålesund skal rammast så hardt som dette. Vi politikarar seier ofte at Ungdommen er framtida . Då må vi også vise at vi meiner det i praksis.