Illustrasjon: Fiskebåter ved Stornespiren i Ålesund i 2019. Fra venstre: Ringnottråler «Odd Lundberg», «Strand Senior» og frysetråleren «Havbryn».  Foto: Staale Wattø

Kronikk av Audun Maråk og Kay Ove Hafsås

«Teknologiutviklinga bremsast av auka avgifter»

Regjeringa har i samband med ny klimaplan varsla ei markant auke i CO2 – avgifta fram mot 2030.

Denne kjem i tillegg til at kompensasjonsordninga utfasast framover, og samla sett vil det utgjere ei tidobling av CO₂ – avgifta for fiskeflåten samanlikna med i dag.

Fiskebåt har sett på kva implikasjonar det vil kunne utgjere for driftsresultat, driftsmargin og drivstoffkostnadane dei neste ni åra. Som grunnlag for utrekningane har me tatt utgangspunkt i lønsemdsundersøkinga til Fiskeridirektoratet for perioden 2016 til 2019, og slik funne diverse nøkkeltal for eit gjennomsnittsfartøy i kvar flåtegruppe. Utrekningane er basert på ei rekke føresetnadar, noko ein kan få nærmare innsyn i gjennom Fiskebåts utfyllande rapport, men denne tabellen oppsummerar i alle fall det indikative hovudbiletet;

Lesarinnlegg:

«Våre ordførarar protesterer mot ei foreslått CO₂-avgift for fiskefartøy. Er det ein framtidsretta protest?»

Vi ser no at både vårt land og verden rundt oss har som mål at vi skal verte karbonnøytrale innan 2050. 


Resultat

  • Eit gjennomsnittleg fartøy i torsketrålgruppa kan vente eit fall i driftsresultatet på kring 12,5 millionar i 2030. Det vil i så fall tilseie 43 % nedgang i driftsmargin.
  • I pelagisk trål må ein kunne forvente eit fall kring 5 millionar i driftsresultat, noko vil medføre ein nedgang på over 50 % i driftsmargin.
  • Ringnot vil potensielt kunne oppleve at driftsmarginen fell med ein tredjedel sidan driftsresultatet truleg fell med over 3 millionar kroner for eit gjennomsnittsfartøy.
  • For gjennomsnittsfartøyet i konvensjonell hav vil driftsresultatet falle med nærmare 4 millionar kroner, noko som tilseier eit fall i driftsmargin kring 50 %.
  • For konvensjonell kyst vil driftsresultatet reduserast med nesten 1 million, noko som indikerer ein nedgang på kring 10 % i driftsresultat og 26 % i driftsmargin.

Konsekvensar for flåten og fiskeria

  • Potensiell markant nedgang i driftsresultat og driftsmargin, mindre lønsemd i alle flåtegrupper.
  • Reduserte inntekter for fiskarane og rederia.
  • Auka behov for ytterlegare strukturering.
  • Marginale fiskeri vil bli enno meir utsett og fleire fiskeri vil bli ulønnsame.
  • Det kan gjelde fisket etter reker, snabeluer, lange, brosme øyepål og delar av seifisket, samt andre fiskeri som vil møte ekstra lønsemdsutfordringar som følge av auka avgiftspress.
  • Norge kan dermed stå i fare for å ikkje utnytte tilgjengelege kvotar, og i henhald til havrettstraktaten kan andre land dermed krevje tilgang til desse kvotane.
  • Det kan gi ein mindre klimavenleg utanlandsk flåte, med ingen eller lågare klimaavgifter, tilgang til norske fiskeri og der resultatet blir auka utslepp globalt.
  • Auka drivstoffkostnader vil potensielt føre til færre driftsdøgn og større sesongtoppar når ressursane er lettast tilgjengeleg. Dette vil kunne gi ytterlegare utfordringar for heilårleg drift i fiskeindustrien.
  • Forsterkar sentraliseringseffektar, og reduserer aktivitet samt ringverknader for kystsamfunn og tilhøyrande næringar.
  • Redusert lønsemd vil redusere fornyingsevna, og utan fornying stoppar utviklinga av klimavenleg teknologi opp.
  • Ein større andel nybygg blir bygd i utlandet hjå rimelegare aktørar, og at desse aktørane dermed utnyttar norske teknologiske fortrinn.
  • Kraftig reduksjon i oppdrag for norsk maritim industri, både for verfts- og leverandørindustrien.

Leserinnlegg

«Er terskelfjordene langs kysten vår i ferd med å bli ødelagt av klimaendringene?»

Jeg har i flere anledninger hevdet at Storfjorden ikke tåler det store utslippet av kloakk som de nå holder på å planlegge på Kvasneset i Sula kommune.


Vegen vidare

Fiskeflåten ynskjer å vere ein spydspiss i utviklinga av ny miljøteknologi i maritim sektor, og fiskeflåten har tidlegare vist seg raske med å ta ny miljøvennleg teknologi i bruk. Eit sterkt verkemiddelapparat er nødvendig for å møte krava om nye store utsleppskutt i fiskeflåten. Derfor trengst både ei:

  • vidareføring av kompensasjonsordninga for fiskeflåten,
  • ei forlenging av miljøavtalen om NOx,
  • og etablering av eit CO₂-fond

Verkemiddelapparatet må blant anna anvendast til å utvikle ny teknologi i eit samspel mellom fiskeflåten og maritime verksemder. På den måten kan det utviklast verdsleiande teknologi som vil gi oss nye eksportinntekter, samstundes som utsleppa vil reduserast.

Det er også viktig å redusere andre avgifter som fiskeflåten er pålagt for å unngå at ei høgare CO₂-avgift svekka fornyingsevna. Ei skroting av den vedtatte fiskale fiskeriavgifta som planleggast innført 1. juli i år vil vere ein god start.

Vi må også unngå at utanlandske fiskefartøy utan høge klimaavgifter tar over norske fiskeri, og der resultatet blir auka CO₂-utslepp globalt. Eller at verdifullt og klimavenleg protein frå havet må erstattast med anna protein. Dette er eit sterkt argument for at CO₂-avgifta til fiskeflåten må sjåast i samanheng med kva som skjer i land vi konkurrera med, og kva som er teknologisk mogleg.

EU har ein langt lettare veg til Paris-målet enn Noreg. Medan Noreg berre hadde kutta 2,3 % av klimagassutsleppa i 2019 samanlikna med referanseåret 1990, har EU kutta 26 % i same periode. Årsaka er veksten i oljesektoren i Noreg i denne perioden. Det kan vere vanskeleg å forstå at konkurranseutsett næringsliv i Noreg, som fiskeflåten, av denne grunn får langt høgare CO₂-avgifter enn tilsvarande sektorar i andre land. Det finst svært gode argument for å bruke gulrot framfor pisk i enkelte sektorar for å fremme nødvendige utsleppskutt i Noreg. Oljen har gitt oss eit oljefond på 11.000 milliardar kroner. Dette bør brukast meir aktivt til å støtte opp under næringar som på grunn av oljeverksemda får ein lenger veg å gå for å komme i mål med utsleppskutta.

Det er lønsemd som skal sikre ei fortsatt teknologisk utvikling. Eit auka avgiftspress vil redusere lønsemda og vere ein effektiv brems for teknologiutviklinga i fiskeflåten.


– Første nybygde fiskefartøy i verden med denne teknologien

Fullspekka av ny og grønn miljøteknologi, melder Skipsteknisk.




-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!