Skadeleg: Cannabis er spesielt skadeleg for unge hjernar, seier Solveig Bendixen i dette innlegget.  Foto: Richard Vogel/NTB Scanpix

Synspunkt av Solveig Bendixen

Om å avkriminalisere bruk av narkotika

Svar til ordførar Lena Landsverk Sande. «Straff» er eit så generelt og mangesidig omgrep at det er vanskeleg å diskutere utan å presisere kva ein meiner.

Eg er heilt einig i at rusavhengige menneske treng hjelp og ikkje straff. Problemet er at denne rusreforma vil medføre at alle, også folk som enno ikkje er blitt avhengige, skal få bruke narkotika straffefritt. Forslaget inneheld elles ingen styrking av behandlingstiltak.

Sande skriv at systemet til no har verka dårleg. Systemet vårt kan då ikkje kallast dårleg når vi er eitt av landa med lågast forbruk av narkotika i Europa? Dei høge overdosetala våre er også blitt sterkt reduserte dei siste åra. Den hyppigaste årsaka til overdosar no er ikkje lenger heroin, men sterke smertestillande stoff som morfin, kodein og oxykodon. USA opplevde ein eksplosiv auke i overdosedødsfall då farmasøytisk industri lanserte sine opioidbaserte smertestillande middel. Legalt. USA har i dag mange gonger fleire overdosedødsfall per innbyggar enn det vi har her i landet.


Lesarinnlegg av Lena Landsverk Sande

«Rusreforma vil føre til vi misser færre liv grunna narkotika»

Solveig Bendixen spør meg i Sunnmørsposten den 26.02. om eg er sikker på at faren for straff ikkje avgrensar narkotikabruk.


Det kan sjå ut som Sande prøver å gi lovforbodet vårt skulda for at rusavhengige kjenner på «frykt, skam og angst». Då gløymer ho at dei ulike narkotiske stoffa i seg sjølv kan ha ein sterk og vedvarande effekt på psyken. Cannabis er spesielt skadeleg for unge hjernar. Amfetaminpsykosar oppstår heller ikkje på grunn av lovforbodet, og rusbrukarar blir nok ikkje kvitt «frykt, skam og angst» om vi avkriminaliserer aldri så mykje.

Når det gjeld påstanden om at straff hindrar unge i å søke hjelp for narkotikaproblem, må eg berre seie at dagens unge sjølvsagt kan oppsøke både lege og helsesjukepleiar utan fare for å bli melde til politiet. Dette trur eg dei fleste veit.

Eg får sitere forskar og fagleg rådgjevar Knut Boe Kielland her (OA, 02.03.21).

«Svært få unnlater å søke behandling av frykt for straff. I så fall må de få informasjon om at en slik fare ikke er reell. Det er mer vanlig at folk søker behandling for å unngå straff. Hvis noen lar være å søke behandling av frykt for reaksjoner, tenker de oftest på tap av førerkort eller omsorg for barn. Og det ligger utanfor Rusreformens område.»

Eg avviser slett ikkje internasjonal forsking om avkriminalisering, men problemet er at det finst svært lite slik forsking. Ein ny norsk publikasjon om cannabis påpeikar også at forskingslitteraturen på dette området er mangelfull. Eit irsk utval som vurderte avkriminalisering i Irland, sa nyleg det same. Når ingen land før oss har avkriminalisert i så stort omfang som det Rusreformutvalget foreslår, finst det sjølvsagt også lite forsking.


Leserinnlegg av Kristin Sørheim

«Senterpartiet vil ha flere tiltak for å hjelpe rusavhengige»

Flere tusen mennesker er avhengige av rusmidler. Dette rammer både enkeltpersoner, familier og samfunnet generelt.


Sande seier at den 416 sides rapporten frå Rusreformutvalget er det beste kunnskapsgrunnlaget som er tilgjengeleg. Dette er eg sterkt usamt i. Denne rapporten er verken objektiv eller nøytral, men sausa saman i ein samanhengande argumentasjon for legalisering/avkriminalisering. Mykje relevant informasjon er utelate. Til dømes står det lite om skadeverknadar av dei ulike narkotiske stoffa, sjølv om det er gjort omfattande forsking på dette.

Rapporten viser stadig til uttaler frå enkeltpersonar. Stort sett er det kjende legaliseringsforkjemparar som får kome til orde. Desse blir rikeleg siterte og refererte.

For å underbygge påstanden om at straff ikkje har nokon preventiv verknad, viser rapporten til at narkotikabruken i Norge på 1990-talet auka i takt med straffenivået. Det rapporten ikkje nemner, er at narkotikabruken over heile Europa auka kraftig i det same tidsrommet.

I 1995 sto Europa midt i ein omfattande heroin-epidemi. I Portugal blei bruken av heroin dobla i løpet av 90-talet, og som kjent avkriminaliserte dei bruk og besittelse av narkotika i 2001. Noreg heldt på ein restriktiv narkotikapolitikk og vart eitt av landa i Europa med lågast forbruk, også blant dei unge.

Ein overflatisk gjennomgang av kapittel 6, «Eksempler på rusreform i andre land» kan gi inntrykk av at ei liberalisering av lovverk ikkje har medført nokon auke i forbruk av narkotika. Det synest til og med å ha ført til ein nedgang.

Ein figur som framstiller cannabisbruk før og etter det som blir kalla «endringsåret», verkar både vitskapeleg og truverdig, men viser seg heller å vere tilslørande. Kva for lovendringar det er snakk om i «endringsåret», får vi stort sett ikkje vite. Ingen av landa som er med i denne statistikken har elles avkriminalisert i vår tyding av ordet.


Lesarinnlegg

«Ei rusreform for fridom og menneskeverd»

Rusreforma er rett rundt hjørnet – ein siger etter mange års kamp.


Italia og Storbritannia får, i tillegg til linjer for lemping av straffene, også ei stipla linje for skjerping av straffene. Italia skjerpa straffa i 2005 og lempa på straffa i 2014. Begge endringane medførte auke i forbruk. For Storbritannia sin del skjedde det motsette. Der synest både skjerping og lemping av straff å ha medført ein nedgang i forbruk av cannabis.

Dersom vi gjer eit overslag over gjennomsnittsforbruket i dei europeiske landa som får vere med i denne statistikken og samanliknar med Noreg, ser vi at Noreg har eit lågare forbruk av alle typar stoff. Men akkurat det seier rapporten ingenting om.

I eit kort kapittel på mot slutten av rapporten kjem endeleg det sentrale spørsmålet: «Empirisk forskning på om avkriminalisering fører til økt bruk, og overføringsverdien av slike forskningsfunn til Norge». Dette spørsmålet får ei og ei halv side. Innhaldet i kapittelet er også magert, men Rusreformutvalget konkluderer likevel slik: «Det samlede inntrykket av denne forskningen er at det ikke finnes et godt empirisk grunnlag for å anta at avkriminalisering som sådan vil forårsake en nevneverdig økning i narkotikabruk i befolkningen.»

Trur vi på det?


Lesarinnlegg av Dordi Boksasp Lerum

«Skal vi ha ein ruspolitikk som gjere det enklare å byrje med narkotika?»

På fredag la regjeringa fram sitt forslag til ny rusreform. Dei vil at ein skal kunne gå rundt med over hundre brukardosar narkotika i lomma, utan å bli straffa for det.



Lesarinnlegg av Christian M. Ingvaldsen

«Straff er mykje meir stigmatiserande enn hjelpande»

Ordførar i Giske Kommune, og Stortingskandidat for KrF Harry Valderhaug skreiv i smp 25. februar at KrF meiner vi må ha ein solidarisk ruspolitikk og at vi må kjempe mot stigma knytt til misbruk.



Kronikk:

«Hvem er regjeringens rusreform til for?»

Det viktigste for oss er å forebygge at dagens barn og unge blir rusavhengige. Derfor kan vi ikke være med på å øke tilgangen til narkotika ved å fjerne reaksjoner for de som velger å kjøpe, bruke eller oppbevare gitte mengder.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!