Illustrasjon: Sørsida. Skisse av JAJA Architects.  

Kronikk

«Bypakke Ålesund vedtatt: Strø byferjer over Ålesundet»

Når ny bypakke for Ålesund skal leggja til rette for gåande og syklande, bør sundet nyttast som transportinfrastruktur. Sjølvgåande byferjer vil styrka heile sentrum.

Eit klart mål med bypakken er at fleire skal velja å gå, sykla eller bruka kollektivtilbodet. Med bypakken for Ålesund får byen fleire milliardar kroner til å skapa framtidas by. Bypakken skal realisera prosjekt som kollektivterminalen i Keiser Wilhelms gate, ulike vegutbetringar og knutepunkt ved sjukehuset og universitetet. Ein god slump med pengar skal også forbetra forhold for gåande og syklande.

I førre veke blei det klart at Næringsdepartementet har sett sitt snitt til å etablere nasjonalt eksportkontor nettopp her. Desse kunnskapsarbeidsplassane vil vera svært attraktive. Dersom departementet også finn ei god, sentral tomt til eksportkontoret, vil det styrka sentrum. Det kunne moglegvis plasserast på transformasjonsområdet på Sørsida, slik at ei rekkje funksjonar kan dra nytte av kvarandre.


Bypakken for Ålesund vedtatt i Stortinget, dette startes opp i år

Bussen skal få forkjørsrett når den er forsinka.


Utviklinga av Sørsida, plassering av eksportkontoret og bypakken er gode, framtidsretta investeringar i ein av verdas vakraste byar. Lange sjøfarts- og eksporttradisjonar har skapt ein av landets mest kontinentale byar. Jugendfasadane, fargane og den tette gatestrukturen vitnar om tett kontakt med Europa. I denne verdsvante vestlandsrosa finst bymiljø som Arkitekturopprøret i Oslo berre kan drøyma om. Det ser turistane, som vil strøyma tilbake. Postpandemisk turisme vil trekkjast mot denne historiske perla – og det nye anløpet for Hurtigruten på Sørsida bør koplast til sentrum på best moglege måte.

Det er ikkje berre turistane som drar til Ålesund – det gjer også nye innbyggjarar. Befolkningsveksten i Ålesund kommune held fram. Spørsmålet er korleis nye ålesundarar sine framtidige behov kan harmonera med tett gatestruktur, kulturminne med nasjonal verdi, turismen og planar for ny bydel på Sørsida. Det finst eit klart, enkelt og heilt logisk svar på det: Ålesund bør ta Ålesundet og Brosundet tilbake som transportinfrastruktur. Byen kant i kant med sjøen ligg perfekt til rette for eit nettverk av sjølvgåande byferjer som skapar snarvegar for gåande og syklande.

Det er det fleire europeiske byar som oppdagar nå. Med utvikling langs hamnebassenget, er sjøen høgaktuell som urban transportinfrastruktur. Etter krigen har sjøvegen fått ei ny, ukledeleg rolle. Den gjekk frå å vera vår eldste infrastruktur til å bli barriere for bilen – trass i at det nettopp er på grunn av sjøvegen at Ålesund ligg ved Ålesundet. Nedprioritering av den urbane sjøvegen kuttar naturlege koplingar mellom sjønære bydelar.


Leserinnlegg av Finn Arne Follestad og Andrew Øystein Taylor:

«En skulle tro at kommunen burde være interessert i å legge til rette for næringen i Ålesund sentrum»

Ålesund Industri- og næringspartiet (INP) mener at bilen er et gode og det bør heller legges til rette for bilen som transportmiddel, folk velger i stor grad bilen fordi de er avhengig av den i hverdagen, og det bør politikere ta hensyn til.


Derfor har så mange byar missing links som stikk kjeppar i hjula for mjuke trafikantar. For å byggja opp under berekraftsmåla byar over heile verda forpliktar seg til, designar Zeabuz sjølvkøyrande byferjer som skal leggja til rette for syklande og gåande. Me spring ut frå forskingsmiljøet ved NTNU som utvikla miniferja «milliampere», verdas første prototyp på ei sjølvkøyrande, urban batteriferje. Storesøster «milliampere 2» blir nå testa på Nidelven i Trondheim. Ved hjelp av kunstig intelligens og sofistikerte sensorar skapar ferja ein snarveg over elva, som verken blokkerer småbåttrafikk eller er skandaløst kostbar.

Våre nye pilotferjer er basert på denne teknologien. Dei skal sjøsetjast i norske byar til våren, klar for å invitera byborgarar om bord. Sandefjord er først ute til å forlenga handlegata ned til sjøen og vidare mot det tidlegare verftsområdet Framnæs, som nå skal transformerast. Hundre år etter at Sandefjord fekk ei av dei første elektriske byferjene i verda, skal altså verdas første sjølvgåande byferje frakta folk på same strekning.

Pilotferjer

Det kan også Ålesund få. Byen ligg midt i eit industribelte som er svært framoverlent på grøn, maritim teknologi. I nabofylka ligg Brødrene Aa., Zeabuz, Sintef og andre sterke aktørar på Noregs nye industrieventyr. Saman med aktørar som det maritime fagmiljøet ved NTNU Ålesund og Norsk maritime kompetansesenter, er heile den nordvestlandske kysten i verdstoppen på faget. Eit nasjonalt visingssenter for sjølvgåande byferjer i Ålesund kan demonstrera kva norsk teknologi kan gjera internasjonalt.

Det kan dessutan skapa nye moglegheiter for gåande og syklande i Ålesund by. Den nye bypakken legg opp til at kortreiste løysingar frå nabofylka kan knytte byen saman, effektivt og attraktivt. Zeabuz-byferjer kan styrka planane for Dronning Sonjas plass og promenaden langs sjøen. Eit nettverk av ferjer vil skapa synergiar for planane på Sørsida, som kan vevast saman med resten av sentrum og styrka aksar i den nye gatestrukturen. Byferje kan frakta hurtigruteturistar direkte inn til Harald Torsviks plass, og vidare til lokalt næringsliv som kan dra nytte av folkestraumen. Det vil bli enklare, kjekkare og tryggare å gå eller sykla til Latinskolen. Molja fyr kan koplast på Skansekaia, og snøggbåten til resten av byen.


[Helgapraten]

Kirsti skal sørge for at Sørsida ikke blir et evighetsprosjekt

Hun har påvirket hele samfunn med prosjektene sine, men når en spør hva det største hun har oppnådd er, har svaret ingenting med karriere å gjøre.


For når både bypakkefinansiering er på plass og den maritime industrien finst i nabolaget, kan Ålesund ta leiinga i blå, berekraftig byutvikling. Sjølvgåande byferjer vil kle byen sine robuste planar. Dessutan kan det nye eksportkontoret visa fram endå ei passande eksportvare.