Den nye leikeplassen i byparken i Ålesund er eit synleg resultat av «Byen som regional motor». Foto: Fuglefjellet AS

«Møre og Romsdal må tilby urbane opplevingar»

Fylket må ha tilflytting av kvalifisert arbeidskraft dersom Møre og Romsdal som region skal ha vekst og utvikling i åra framover. Det er derfor heilt nødvendig at dei som er van med å bo i by, må finne noko av det same her for å ville flytte hit.