Kompetanse: Noreg sin kompetanse og erfaring frå olje og gassindustrien, kan gi eit viktig bidrag med karbonfangst og lagring.   Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB

Kronikk av Berit Moltu

«Vi må ha startdatoar, ikkje sluttdato»

Utan olje og gassindustrien når vi ikkje Parisavtalemålet.

Å løyse energi- og klimautfordringane var det mest aktuelle temaet i årets valkamp. Men fokuset på sluttdato, å legge ned olje og gassindustrien som viktigaste klimatiltak, er eit skremmande lite nyansert forslag. Eit slikt tiltak vil faktisk bidra til at vi ikkje når Parisavtalemåla vi har forplikta oss til å nå.

Tiltak med effekt

Ungdomen har streika og mange har klimabrølt og fått klima høgst på den politiske dagsorden. FN sitt klimapanel (IPCC) og det internasjonale energibyrået (IEA) har følgt opp med «Net Zero by 2050». Det hastar med å få til transformasjonen som må til for å få ned klimagassutsleppa. No handlar det om å få politikarar som set i verk dei rette tiltaka som faktisk kan gi ein effekt. Mine tidlegare arbeidsgivarar i Trondheim SINTEF og NTNU har gitt konkrete råd til politikarar om kva som kan gjerast i Noreg for å oppnå det grøne skiftet: Å nytte Nordsjøen som plattform for grøn omstilling, i tråd med FNs berekraftsmål. Stikkorda er kompetanse, gass og lavkarbonprodukt.

KOMPETANSE: Vi må nytte det kunnskapsforspranget som Noreg har i vår olje- og gassverksemd i Nordsjøen, og gjennom det satse på grøn energiteknologi som og har stort potensial til framtidige eksportinntekter til Noreg. (Delen eksport har falle dramatisk siste 8 åra).

Sterk offentleg styring

Vi må få eit politisk skifte til parti som har ein meir aktiv industripolitikk, og er villige til å ta i bruk sterkare offentleg styring saman med privat finansiering, for å få til det grøne skiftet. Marknaden åleine, greier ikkje eit slikt skift.

Grunnen til at vi har fått flytande havvind-prosjekt i Storbritannia, er at Skottland har gått inn og subsidiert prosjekta i ei oppstartsfase. UK trengte meir energi, ville ikkje ha meir atomkraft, og ville oppnå Parisavtalemåla sine. Dei gjekk dermed for å subsidiere flytande havvindprosjekt frå Noreg. Det er ein ønska politikk som gir effekt.

Opposisjonen på Stortinget med AP i spissen sørga som kjent for ein støttepakke til olje og gassindustrien, for å dempe effektane etter koronautbrotet. Effekten av «oljepakken» ser vi mellom anna hos leverandørindustrien i Verdal der 50 nye lærlingar er i sving, og der ein produserer merdar for oppdrett og havvind. Hos Aker Solution ser vi produksjon av nye fornybarløysingar i Sandnessjøen og i Eigersund. Hos Kværner på Stord slepast det ut havvind til Nordsjøen. Alle desse er døme på kompetanse frå olje og gassindustrien som vi er avhengige av for å få til det grøne skiftet. Om ikkje dette krafttiltaket for å unngå nedlegging hadde kome, ville vi kunne blitt satt fleire år tilbake i dei grep vi er nødt til å lukkast med for å nå Parisavtalemåla.

Vi har allereie sleppt ut for mykje Co₂ (klimagassar) til atmosfæren. Vi er difor nødt til å binde noko av desse klimagassane tilbake i jorda, vekk frå atmosfæren, i tillegg til å redusere våre utslepp uansett scenario i IPPC rapporten. Her kan Noreg sin kompetanse og erfaring frå olje og gassindustrien, gjere eit viktig bidrag med karbon fangst og lagring (CCS). I tillegg treng verda meir energi som ikkje kan gi fossilt utslepp.

Klimaet treng CCS, og Norge treng CCS for å kunne handtere landindustrien sine store punktutslepp (sement, forbrenning, stål og kunstgjødsel) på CO₂, og for å kunne opne opp nye industrielle verdikjeder offshore som blå hydrogen og ammoniakkproduksjon for den europeiske marknaden, til bruk i grøn skipsfart. Dette får vi ikkje til om vi legg ned berebjelken. Og vi treng fleire hundre Langskipprosjekt, ikkje eit.

Bidrar ikkje til klimaeffekt

GASS: Analysebyrået Rystad Energy syner at ei nedlegging av olje og gassindustrien mest sannsynleg ikkje vil bidra til klimaeffekt. Norsk olje- og gassproduksjon har verdas lågaste utslepp fordi vi har hatt ein CO₂-skatt. Norsk produksjon slepp ut 8–10 kg Co₂ pr. produsert eining (boe) mot 18–20 kg Co₂ pr. boe for bransjen generelt.

Reduserer du norsk gass vil det kunne bli erstatta av russisk gass og amerikansk LNG og til dels europeisk kol, som alle har mykje større CO₂ utslepp. Reduserer du produksjon av norsk gass, vil det føre til større klimautslepp.

LAVKARBONPRODUKT: Kjernen i vidareutvikling av olje- og gassindustrien for å bidra i det grøne skiftet, handlar om endringar i sjølve det produktet industrien leverer, dvs. eit skifte mot nye lavkarbonprodukt. Og her kjem industriell (blå) hydrogenproduksjon med karbonfangst og lagring (CCS) inn. Her nyttar vi naturgassen i Nordsjøen, splitter han til hydrogen og CO₂, og returnerer CO₂ en i reservoar i Nordsjøen. Dette vil vere ein langsiktig industri- og klimastrategi der oljeindustrien kan vere ein del av løysinga, ikkje berre ein del av problemet.

For å få til våre nye verdikjeder innan nye lavkarbonprodukt, treng vi faktisk å leite etter meir gass. Utan ny leiting, vil gassen i Nordsjøen ta slutt før vi får bidratt med klimaeffekt. Noreg har spesielle føresetnader for å bidra til klimaeffekt med teknologi, kompetanse og ressursar. Dette poenget har ikkje IEA-rapporten teke høgde for.

Batteri for heile Europa

Eit geopolitisk argument, er at det er viktig for sikkerheitspolitikk og for energisikkerheit i Europa, at Noreg, som ein av få demokratiske land, produserer gass, og ikkje overlèt dette til Putin åleine.

Mellom andre SINTEF og NTNU har ein svært visjonær strategi for Nordsjøen ved å nytte plattformene i Nordsjøen som ein hub for flytande havvind, bruke det til å produsere attverande olje og gass, starte produksjon av hydrogen og CCS, knytte saman elektrisk grid og vindkraftgrid. Nordsjøen kan slik sett gi eit enormt potensial til å forsyne, England, Tyskland m.fl. med grøn energiteknologi. Nordsjøen kan vere eit batteri for heile Europa.

Å argumentere for ein sluttdato for olje og gass som einaste klimatiltak er ein polariserande retorikk. Vi treng ei rettferdig omstilling, og ei brei tilslutning til det grøne skiftet. Vi må foreine krefter for å få startdatoar på alle dei tiltaka Noreg må gjere raskt, for å nå Parisavtalamåla. Og så må vi velje politikarar som prioriterer startdatoar, ikkje sluttdato.

(Ytringa står for forfattaren si eiga rekning, men Berit Moltu er styremedlem i Arbeidarpartiet, er medarrangør i Klimabrølet, og jobbar i Equinor).