Nordøyvegen og Todalsfjordkryssinga er forsøkt sletta frå plankartet av Fylkesrådmannen her i fylket.

Desse to svært viktige fjordkryssingsprosjekta er i Møre og Romsdal prioritert som nr 1 og 2, og svært mange har gleda seg stort til at desse svært viktige samferdselsprosjekta skulle kome på plass.

No er det slik, at begge desse prosjekta som er topprioriterte både på Sunnmøre og i Nordmøre, har som felles grunnlag at dei begge er avhengige av finansieringsmodellen for fjordkryssingar. Her er mykje av føresetningane blant anna ferjeavløysing og bruk av underskotsdekning ang ferjedrifta, bruk av ferjebiletten, ekstern finansiering osv.

Nordøyvegen er vedteke av eit nesten samla fylkesting i fylkestingsvedtak T-78, I vedtak er fylgjande lagt til grunn:

Sitat frå vedtaket:

1. 40 års ferjeavløysing og 40 år nedbetaling av lån.

2. Framtidige moglege rehabiliteringskostnadar skal IKKJE leggjast til grunn i kontanstraumsanalysa for prosjektet.

3. Nytt busstilbod på Nordøyane skal IKKJE leggjast til grunn.

4. Fylkestinget legg til grunn langsiktige rentesikring av lån for prosjektet.

Føresetnadane er gjengjeve over.

Dette er per i dag det gjeldande vedtaket ang Nordøyvegen, ikkje eit einaste anna vedtak eller behandling er gjennomført ang saka, verken i fylkesting, fylkesutval eller samferdselsutvalet. Fylkesordførar har ikkje fått eit einaste komma i eige mandat ang denne saka.

Plannemnda for samferdselsbygging der eg er leiar, har fått i oppdrag til å styre prosjektet og gjennomføre anboda og prosessen ikring dette.

Eg føler at vi no er fullstendig tilsidesett av fylkesrådmannen, og fylkesordførar.

Anboda har vore ute, og vi fekk som alle veit ein sprekk på 800 millionar kroner i  anbodet.

Plannemnda for samferdselsbygging (PNS) bestilte i juni 2018, ei rekke punkt som fylkesrådmannen skulle utgreie og avklare med ulike departement. Dette gjelder områder som skal kunne tilføre prosjektet dei manglande 800 millionar kroner.

Slik det no ser ut er vi langt på veg til å fylle opp dette gapet i anbodet, og vel så det.

Absolutt ingen, har vedteke noko full gjennomgang og eit totalangrep på prosjektet slik fylkesrådmannen no legg opp til.  Dette blir no sterkt støtta frå både fylkesordførar og fylkesleiaren i AP, som ikkje har fått med seg kva dei sjølv har vore med å vedteke i fylkestinget.

I staden stoppar fylkesordføraren all debatt ang saka både i fylkestinget i juni, rette etter at overskridinga i anbodet vart kjent, samt i fylkestinget no 16/10. Han ynskjer ingen debatt i fylkestinget ikring dette, men legg altså alt opp i hendene til fylkesrådmannen som open får anledning til å rasere Nordøyvegprosjektet og totalt unngå å gjennomføre gjeldande vedtak i fylkestinget.

«Ei overskriding av anbodet på 800 mill kr, har no plutselig vorte 1,6 milliard ifølge fylkesrådmannen»

Dersom fylkesrådmannen får gjennomslag for å drive «privatpraktiserande» i fylkeskommunen, og faktisk leggje inn prinsipp som fylkestinget har sagt nei til, då er det berre to alternativ som står igjen.

Totalt rådmannsvelde og fylkespolitikarane er sett til sides, eller så må fylkesrådmannen gå og politikarane tar tilbake styringa av eige fylke.

Får fylkesrådmannen ture fram, er Nordøyvegen på Sunnmøre og Todalsfjordkryssinga på Nordmøre totalt skrinlagt. Det same gjelder planlagde prosjekt på Sunnmøre slik som Storfjordsambandet, Rovdefjordbrua, Sande fastlandssamband, og i Romsdalen slik som Langfjordkryssinga og Kjerringsundet.

I prinsippet er det då lagt til grunn heilt håplause prinsipp, som gjer at ein aldri kan byggje noko som helst av større prosjekt her i fylket, verken innan samferdsel, skule eller kulturbygg.

Kva vi då skal drive med i den nye regionen Møre og Romsdal vert meir eller mindre ein gedigen «vits».

Haugevis med byråkratar i Molde, ein tek over meir en 100 årsverk frå Statens vegvesen, der ein kjem til å sete å tvinne tomlane og vere arbeidslause frå dag ein.

Skjer dette, kan Sunnmøre berre begynne å søkje seg til Vestlandet og Bergen, og Nordmøre vil meir enn gjerne gå mot Trøndelag.

Møre og Romsdal FrP har kjempa for å få oppretta Møre og Romsdal som eigen region. Vi har brukt alle våre nettverk inn mot regjeringa for å klare dette, og vi lukkast.

Akkurat i dag, set eg derimot med ein dårleg smak i munnen, og angrar meir eller mindre på dette arbeidet, når eg opplever kva fylkesrådmannen og fylkesordførar er i gang med å sette i system.

«Ryker samferdsel og infrastrukturbygginga her i fylket, så ryker Møre og Romsdal fylke som eigen region.»

Frank SveFylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.