Leiar 18. mars:

På veg mot nullrente i september

Sentralbanksjef Øystein Olsen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix 

Eit rentenivå under null bør vi unngå, sjølv om Sverige og Danmark har det

Leder

Avgjerda i Norges Bank i går om å sette ned styringsrenta frå 0,75 til 0,50 prosent, er eit uttrykk for at det går dårleg i norsk økonomi, men samtidig er det ei hjelp frå banken til at konkurranseutsette næringar skal kunne vinne marknadsandelar. Låg rente gir låg kronekurs og det tener bedrifter på som sel varer og tenester til utlandet. Norges Bank grunngir den nedsette renta med at vekstutsiktene for norsk økonomi er svekka, og at prisveksten etter kvart vil avta.