Aftenposten har spurt rektorane ved dei vidaregåande skulane om deira syn på russefeiringa. Litt under halvparten svarte, og blant dei var det nærare 40 prosent som meinte at russefeiringa burde avskaffast. 20 prosent meinte at feiringa burde regulerast meir og endrast mykje.

Det var altså eit fleirtal av rektorane som ønskte endring. Gruppepress, fyll og pengebruk er relevante argument for at noko bør gjerast. Dagens feiring kan med fordel dempast noko.