Leiar 1. juli:

«1,1 millionar av oss får ny kommune»

Kommuner kan likevel få utvidet frist for frivillig kommune­sammenslåing, ifølge kommunalminister Jan Tore Sanner (H). 

Fredag går fristen ut for samanslåing, men etternølarar blir godt mottatt

Leder

Når ein tenkjer på at Schei-komiteen brukte over 20 år på å redusere talet på kommunar her i landet frå 744 til 442, så er det ikkje så aller verst at ein på to år har greidd å få 69 kommunar til frivillig å bli samde om å ende opp som 29. Det er nok likevel ein god del færre enn det regjeringa hadde ambisjon om.

Fredag er siste frist før Fylkesmannen tar over stafetten, men kommunalminister Tore Sanner har opna for ein angrefrist, slik at det er høve til å gjere samanslåingsvedtak også til hausten, og fylkesmennene vil neppe seie nei om nokon etternølarar skulle kome med sine vedtak før fylkesmennene har konkludert.

Ålesund blir storkommune: Skodje seier ja til Ålesund

Alt tyder på at dette berre er første runde i arbeidet med å endre kommunekartet, og at det vil kome nye rundar etter valet neste år.På Sunnmøre var vedtaka om samanslåing færre enn venta. Gledeleg er det at Ålesund, Skodje og Sandøy har gjort vedtak om samanslåing. Vedtaket gjer at Haram som hittil har sagt nei til å slå seg saman sørover, kjem i ein slik posisjon som stortingsfleirtalet har signalisert at det kan brukasts tvang.

Vedtak i kommunestyret: Samrøystes ja til Ålesund i Sandøy

 Om Fylkesmannen vil gjere framlegg om det, står att å sjå. Det er elles mange små kommunar på Sunnmøre som vil få det trongt når eldrebølgja slår inn etter 2020. Her har Fylkesmannen ein jobb å gjere. I Sogn og Fjordane har Naustdal, Førde, Gaular og Jølster gjort vedtak om å slå seg saman. Det blir ein tung aktør som kan skape større vekstkraft i Sunnfjord.Også blant dei mange kommunane som sa nei til samanslåing vil det sikkert vere ein angrefrist.

Debatten om kommunesamanslåing vil neppe bli lagt død, sjølv om dei tunge prosessane med forhandlingar og utgreiing kanskje tar ein pause.

Mener Ålesund er best: – Det kan sjå litt pussig ut på kartet

Det er også all grunn til å drøfte Stortingets rolle i organiseringa av kommune-Norge. Det er Stortinget sitt ansvar å trekkje grensene, og i denne fasen av kommunereforma har Stortinget hatt ei heller tafatt rolle. I mindre grad enn før er kommunane ein velfungerande lokalpolitisk arena, og i aukande grad er kommunane blitt velferdsleverandørar der lover og reglar og pengar frå staten avgrensar handlingsrommet til lokalpolitikarane.

Tilgangen på kompetanse vil også kunne avgjere velferdsnivået, og den tilgangen kan lett kome til å henge saman med storleik.

Tror Haram overlever: – De kan ta hurtigbåten til Ålesund

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder