Leder om terrorisme:

«Må kjempe for eit menneskesyn som inkluderer alle»

Terror Fredag vart menneske drepne på gata i Stockholm, og sundag vart kyrkjer i Egypt bomba. Foto: TT/NTB Scanpix 

Denne livsfarlege ideologien fører til at moralske bremser blir fjerna, og menneske blir myrda

Leder

Ei 11 år gamal jente på veg heim frå skulen vart brutalt meia ned av ein mann som brukte lastebil som drapsvåpen. Fredag var det Stockholm som vart råka av terror. Fire vart drepne, og 15 skadde. Det grufulle og feige åtaket på forsvarslause menneske vitnar om eit hat som er vanskeleg å fatte.

Etter at IS for eit par år sidan gjekk ut med oppmoding til sine tilhengarar om å bruke alle tilgjengeleg middel, også bilar, for å drepe dei «vantru», er det gjennomført blodige aksjonar i mange europeiske byar. Palmesøndag vart fleire personar i Egypt drepne, då kyrkjer vart bomba.


Økt terrortrussel

Ingen midlertidig bevæpning lokalt

Mens politiet i flere byer og på Oslo lufthavn fortsetter den midlertidige bevæpningen som følge av PSTs skjerpede trusselvurdering, er det ikke aktuelt med bevæpning hos politiet i Møre og Romsdal politidistrikt slik situasjonen er nå.

Kampen mot terror må kjempast på mange plan, og nye tryggingstiltak må vurderast. Men så lenge det finst menneske som meiner dei er i sin fulle rett til å drepe dei «vantru», vil dei finne metodar for å gjennomføre terror, drap og øydelegging. Derfor er det behov for å sette søkelys på ein ideologi som ikkje anerkjenner at menneske er likeverdige. I ekstrem islamisme er det berre muslimar med «rett» tolking av islam som blir definerte som menneske, medan dei vantru kan utslettast. Denne livsfarlege ideologien fører til at moralske bremser blir fjerna, og menneske blir myrda. Som til dømes når uskuldige menneske blir meia ned på ei gate. Eller når jødar i konsentrasjonsleir blir gassa i hel. Totalitær islamisme og nazisme har mange fellestrekk.

Antiterrortiltak vurderes på 17. mai

Det vil bli gjort konkrete vurderinger av sikkerhetstiltak i forbindelse med 17. maifeiringen, sier justisminister Per-Willy Amundsen (Frp).

Det er ikkje berre jødar, kristne, hinduistar og ateistar som av islamistar blir definerte som «vantru», men også muslimar med ei annan tolking av islam. Derfor blir det fullstendig feil å rette aggresjonen etter eit terroråtak mot muslimar generelt som ei einsarta gruppe – for ingenting vil glede terroristane meir. Det dei ønskjer er å auke konfliktnivået og polariseringa i samfunnet, slik at fredelege muslimar kjenner seg utstøytte og fordømde.

PST: Sannsynlig med terrorangrep i Norge i år

PST mener det er sannsynlig at det kan begås terrorangrep her i landet i år. En 17 år gammel russer er siktet etter funn av en sprengladning i Oslo i helgen. 

Terroristane skal ikkje få gjennomslag for sin hatstrategi. Vårt demokrati er basert på at alle menneske er likeverdige, uavhengig av rase og religion, og det må vi alltid halde fast ved. Eit bilde frå Stockholm, som er blitt mykje delt siste dagane, viser ein tungt væpna politimann som hjelper ei eldre dame over vegen. Midt i all vondskapen, finst det godheit. Omsorg og gjestfridom har prega Stockholm etter åtaket, og folk viser omtanke for kvarandre. Kjærleiken er sterkare enn hatet, og derfor kan terroristane aldri vinne.
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder