I år er det 100 år sidan Martin Ulstein og Andreas Flø grunnla ein liten mekanisk verkstad i Ulstein. Den vesle verksemda vart starten på eit industrielt eventyr som vart storstilt feira med konsertar og kake denne helga.

Ulstein Group: Stakar ut kursen for nye 100 år

Kombinasjonen av samarbeid og konkurranse har lagt grunnlaget for den maritime klynga på Sunnmøre. Bedriftsøkonomiske mål har gått hand i hand med ønskje om å bidra til samarbeid og styrke regionen. Industribyggaren Idar Ulstein omtalte sine konkurrentar på denne måten: «Vi samarbeider når vi kan, og konkurrerer når vi må», og understreka verdien av å stå saman. Det er godt å sjå at denne samfunnsbyggande haldninga er ført vidare til dagens generasjon.

Ulstein Group ASA har i dag om lag 600 tilsette og kontor i seks land. Konsernet har vore inne i ein tøff omstillingsprosess dei siste åra, og det er framleis krevjande tider i bransjen. Den siste tida har Sunnmøre til fulle fått erfare kor viktig det er med lokalt eigarskap. At Ulstein Group klarer seg gjennom bølgedalen, er umåteleg viktig for heile regionen. Derfor er det all grunn til å gratulere Gunvor, Tore, alle dei tilsette og heile Ulstein-samfunnet med jubileet, og ønskje lukke til med arbeidet vidare.

Fem tusen til Ulstein-feiring - sjå bildeserie