Leiar om Ulstein-jubileet:

«Inga sine kloke ord er ei god rettesnor for framtida»

Jubileum Søskenparet Gunvor og Tore Ulstein leiar familiekonsernet, og skal stake ut kursen for neste generasjon. 

Skaparglede, samarbeid og vilje til å ta i bruk ny teknologi har gått som ein raud tråd gjennom historia

Leder

I år er det 100 år sidan Martin Ulstein og Andreas Flø grunnla ein liten mekanisk verkstad i Ulstein. Den vesle verksemda vart starten på eit industrielt eventyr som vart storstilt feira med konsertar og kake denne helga.


Fem tusen feira Ulstein-jubileum

Laurdag feira Ulstein 100 år. Ein jubileumskonsert med både fyrverkeri, flammemaskiner og statsministerbesøk.

Skaparglede, samarbeid og vilje til å ta i bruk ny teknologi har gått som ein raud tråd gjennom historia til det som i dag heiter Ulstein Group. Då gründeren Martin Ulstein døydde brått i 1948, var det enka Inga Ulstein som tok over som styreleiar og la grunnlaget for vidare vekst. Inga, som kom frå fjellgarden Knivsflå ved Geirangerfjorden, hadde lært verdien av nøysemd og dette formidla ho vidare. Formaninga hennar «Hugs at det e borga gods, guta» er ei formulering som er blitt mykje referert. Orda rommar visdom som det er verdt å bygge vidare på: Alt vi eig har vi på lån frå ei høgare makt, og vi er ansvarlege, ikkje berre for vårt eige liv, men også for våre medmenneske. Denne haugianske tankegangen har hatt stor betydning for utviklinga av mange bedrifter på Sunnmøre; ein tankegang prega av tenande leiarskap, nyskaping, etikk og samfunnsansvar.

Ulstein Group: Stakar ut kursen for nye 100 år

Kombinasjonen av samarbeid og konkurranse har lagt grunnlaget for den maritime klynga på Sunnmøre. Bedriftsøkonomiske mål har gått hand i hand med ønskje om å bidra til samarbeid og styrke regionen. Industribyggaren Idar Ulstein omtalte sine konkurrentar på denne måten: «Vi samarbeider når vi kan, og konkurrerer når vi må», og understreka verdien av å stå saman. Det er godt å sjå at denne samfunnsbyggande haldninga er ført vidare til dagens generasjon.

Ulstein Group ASA har i dag om lag 600 tilsette og kontor i seks land. Konsernet har vore inne i ein tøff omstillingsprosess dei siste åra, og det er framleis krevjande tider i bransjen. Den siste tida har Sunnmøre til fulle fått erfare kor viktig det er med lokalt eigarskap. At Ulstein Group klarer seg gjennom bølgedalen, er umåteleg viktig for heile regionen. Derfor er det all grunn til å gratulere Gunvor, Tore, alle dei tilsette og heile Ulstein-samfunnet med jubileet, og ønskje lukke til med arbeidet vidare.

Fem tusen til Ulstein-feiring - sjå bildeserie