Leiar 30. april:

«Ingen kan fjerne alt søppel, men alle kan fjerne litt»

Plastforsøpling er eit enormt globalt problem, og framtidsutsiktene er katastrofale dersom vi ikkje klarer å snu utviklinga. Heldigvis er det eit problem vi alle kan bidra til å løyse.

Nyttig: Ein rapport viser at strandrydding er ein effektiv måte å redusere omfanget av plast i havet. Måndag startar den nasjonale strandryddeveka.   Foto: Marius Simensen

Dess oftare det blir rydda, dess meir marint avfall vil bli fanga opp

Leder

Ein rapport frå det britiske konsulentselskapet Eunomia slår fast at strandrydding er eit svært effektivt tiltak i kampen mot søppel i havet. I rapporten «Plastics in the Marine Environment» blir det stadfesta at over 80 prosent av marin forsøpling kjem frå landbaserte kjelder. Ifølgje Eunomia er det i gjennomsnitt heile to tonn marint avfall per kvadratkilometer kystlinje på verdsbasis. Dette avfallet er i kontinuerleg rørsle både ute på havet og mellom havet og land. Regelmessig strandrydding er derfor eit svært effektivt tiltak, både for å fjerne søppel før det hamner i havet, og for å unngå at avfall som er skylt på land, blir ført ut på havet igjen. Dess oftare det blir rydda, dess meir marint avfall vil bli fanga opp. Strandrydding er også positivt på den måten at små og store forstår kor alvorleg det er å kaste frå seg plast i naturen. Dermed har det også ein førebyggande effekt.

Vi må både drive førebygging og opprydding, og samtidig sørge for at plasten som blir samla inn ikkje hamnar tilbake i naturen. Før helga kunne Sunnmørsposten fortelje at litt av plasten som var levert til avfallsanlegg i Ålesund, hadde blitt tatt av vinden og ført ut i naturen igjen. Vi forventar at dette problemet med flygeavfall blir løyst umiddelbart, slik at folk kan vere trygge på at innsamla plast ikkje kjem på avvegar.

Måndag startar strandryddeveka i regi av organisasjonen «Hold Norge rent», og det er planlagt dugnadar over heile landet. Plastfritt Giske, som fekk Fylkestingets miljøpris for 2017, er eit godt døme på at folkeleg engasjement nyttar: I fjor samla dei inn meir enn 20 tonn plastavfall! Nyleg skreiv om vi Emblems J10-lag som saman med foreldre og søsken rydda strender og fylte 203 sekker i løpet av seks dagar. Dette er gledelege resultat som inspirerer fleire til innsats: For ingen kan gjere alt – men alle kan gjere litt i kampen mot plastforsøpling. Og på den måten kan vi snu utviklinga.