Leder:

«Støtte til dei som risikerer livet for å gjere jobben sin»

Solidaritet: Under markering av pressefridomens dag sist torsdag, var det mange som uttrykte støtte til dei fengsla journalistane i Tyrkia.  Foto: Sunnmørsposten

Vi må bruke vår fridom til å kjempe for at andre skal få oppleve det same

Leder

Journalisten Javier Valdez vart skoten og drepen på open gate i Mexico i fjor. Han avdekka narkotikasmugling og organisert kriminalitet. Abdul Manan Arghand jobba for Kabul News TV og var på veg til jobb då han vart myrda.

Kvart år blir mange journalistar trakassert, fengsla eller drepne fordi dei gjer jobben sin. I Tyrkia er journalistar og redaktørar i avisa Cumhuriyet blitt fengsla, dømt for støtte til terrorisme. Dei redaksjonelle medarbeidarane avviser skuldingane, og hevdar at styresmaktene på denne måten prøver å kneble frie stemmer. «Hald hovudet høgt. Ikkje noko diktatur i historia har vunne kampen ved å stilne dei rettferdige», skreiv gravejournalisten Ahmet Sik på Twitter då han vart dømt til sju og eit halvt års fengsel.

Pressefridom er global mangelvare

«Førsteplass som forpliktar»

Norge ligg på verdstoppen når det gjeld pressefridom. Gleda over vår fridom er likevel blanda med uro over at utviklinga går feil veg i mange andre land.


For andre år på rad toppar Norge lista over land der pressefridomen står sterkast, følgd av Sverige på ein god andreplass. Det er den internasjonale organisasjonen Reporters Without Borders (RSF) som står bak indeksen som måler graden av pressefridom i 180 land. Nedst på lista finn vi Nord-Korea. Samtidig som vi kan glede oss over at vilkåra for å drive fri og uavhengig journalistikk er best i Norge, er det all grunn til uro over at utviklinga går feil veg i mange land. Pressefridomen er i fare, eller i ein svært alvorleg situasjon i 70 land, påpeikar RSF. Tyrkia er eit av landa som stadig utmerker seg i negativ retning.

Terrordommer mot journalister i Tyrkia

14 journalister og ledere i den tyrkiske avisa Cumhuriyet er blitt dømt for å ha hjulpet terrorgrupper. Avisa mener myndighetene prøver å kneble mediene.


Tema for verdsdagen for pressefridom, som vart markert førre torsdag, var medias rolle som vaktbikkje for offentleg maktbruk. Ei fri presse er berebjelken i eit levande demokrati. Derfor er åtak på journalistar som utfører sitt samfunnsoppdrag, eit åtak på demokratiet. Tryggleik for journalistar er eit av satsingsområda i ytringsfridomsstrategien til regjeringa som vart lansert i 2016.

– Vi vil halde fram arbeidet for å fremme og verne pressefridom og uavhengige medium internasjonalt, uttalte utanriksminister Ine Eriksen Søreide i samband med markeringa av Pressefridomens dag. Det er viktig at desse orda blir følgd opp i praksis. Vi må bruke vår fridom til å kjempe for at andre skal få oppleve det same. Fred og fridom er ikkje noko vi kan ta for gitt. Heller ikkje fridomen til å kritisere dei som har makt i samfunnet.