Sjukepleiarar er den yrkesgruppa det ser ut til å bli mest mangel på. Ei av årsakene er at det blir utdanna for få nye sjukepleiarar. Likevel får berre ein av fem kvalifiserte søkjarar plass på studiet no i haust, og veksten i talet på studieplassar er berre marginal.

Praksis utgjer rundt rekna halvparten av sjukepleieutdanninga. Utan nok praksisplassar som fyller kompetansekrava til komande sjukepleiarar, kan ikkje talet på studieplassar aukast så mykje som det er behov for.

Sjukepleiestudiet er eit av dei mest populære studia i Norge, målt i talet på søkjarar. Nær 30.000 søkte på dette studiet i år. Meir enn 13.000 av dei kvalifiserte søkjarane hadde dette studiet som førsteval, men det er så godt som ingen auke frå dei vel 4.700 studieplassane frå i fjor til i år.

Kommunane har berre ansvar for å «medverke til undervisning og praktisk opplæring av helsepersonell», og har heller ingen finansieringsordning knytt til denne oppgåva, slik spesialisthelsetenesta har. Mange kommunar klarer difor ikkje å vareta behovet til utdanningsstadane.

Mangel på nyutdanna sjukepleiarar er ikkje heile forklaringa på sjukepleiemangelen. Det er eit minst like stort problem at mange sjukepleiarar forlèt yrket etter kort tid. Ein av fem jobbar ikkje lenger enn ti år i helsetenesta etter at dei er ferdig utdanna. Den store bruken av deltid gjer også sitt.

Likevel er det eit paradoks at veksten i studieplassar står nesten stille fordi kommunar og helseføretak – dei som skal vere framtidige sjukepleiarar sine arbeidsgjevarar, ikkje gjer sin del av jobben. Nokre studiestadar har til og med vorte nøydde til å kutte talet på studieplassar på grunn av dette.