Tida for omkampar er definitivt forbi. Dette er den viktigaste avklaringa i semja mellom regjeringspartia og Kristeleg folkeparti. No kan fylkespolitikarane i samanslåingsfylka endeleg konsentrere seg fullt og heilt om å få til eit best mogeleg løp fram til samanslåing i 2020.

Samtidig er lista over nye oppgåver til fylka lovande lang. Her er det synleggjort ei meir reell vilje til flytting av makt enn det som var utgangspunktet. Venstre og Kristeleg folkeparti har fått visse gjennomslag. Likevel er denne lista langt frå nokon garanti for reform-suksess.

Framleis ber reforma preg av at den er unnfanga i ein lystig flørt mellom Høgre og Framstegspartiet og det som då var støttepartia – KrF og Venstre. Flytting av makt er ikkje hovudfokuset verken til Høgre eller Frp. Difor er det for tidleg å seie kva det endelege resultatet av dette blir.

Kommunal- og regionalminister Monica Mæland stiller rett nok villig opp i som gudmor, men vel framme med gåvebordet er ho mindre raus. Det mest handfaste som kan gi fylkeskommunane meir musklar er ansvaret for administrasjonen av fylkesvegnettet og midlar til næringsutvikling.

Når KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad omtalar dette som det største distriktsløftet i nyare tid, er det difor å ta hardt i. Det seier meir om behovet for å selje inn dette som ein partipolitisk siger enn om realitetar.

Om lista er lovande, gjenstår det å sjå kva dette til slutt materialiserer seg i. I beste fall er dette ein god start. I verste fall eit slag i lause lufta som langt frå forsvarer ein reform der den største regionen skal femne 1,2 millionar innbyggarar.