Dette fylket er i ferd med å ta ein posisjon som føregangsregion når det gjeld utvikling av digital, miljøvenlege transport, og det er positivt med ei offensiv og utforskande haldning til ny teknologi.

Saman med SINTEF, NTNU og kommunane Ålesund og Kristiansund skal Møre og Romsdal fylkeskommune delta i eit fireårig prosjekt for å utvikle eit nytt transportsystem. Tanken er å lage ein flåte av små og litt større autonome, elektrisk drivne passasjerbåtar, knytt saman i eit digitalt system som koordinerer det heile. Dermed kan passasjerane bestille båttur ved behov, i staden for å gå etter rutetabellen, i eit system der båtar, buss og ferjer korresponderer. Båtane skal i første omgang testast ut i Ålesund og Kristiansund, og det er mykje utviklingsarbeid som må gjennomførast før systemet kan settast i drift. Ulstein har søkt fylkeskommunen om å få ei teststrekning for autonome køyretøy, og om alt går som det skal kan ein sjølvkøyrande, elektrisk buss vere i drift i Ulstein frå 2020. Den aller første sjølvkøyrande bussen i Norge vart sett i trafikk på Forus i Rogaland i juni i år.

Digitaliseringa byr på mange nye mulegheiter, men også utfordringar. Svein Kleven, leiar for Rolls-Royce Marine-avdelinga som jobbar med systemintegrasjon, har heilt rett når han understrekar at digitalisering ikkje må verte eit mål i seg sjølv. Nye transportsystem må vere tilpassa brukaren, og ikkje omvendt. Tryggleik må ha første prioritet, og førarlause køyretøy må vere langt sikrare enn dei vi har i dag. Lovverket krev at dei sjølvkøyrande pilotbussane framleis må ha ein tilsett om bord, for å kunne handtere vanskelege situasjonar. Mange fryktar at førarlause båtar og bussar skal fjerne arbeidsplassar. Det er ingen tvil om at automatisering, robotisering og kunstig intelligens vil prege samfunnet, og då er det viktig at vi set oss i førarsetet og utnyttar teknologien til å skape nye arbeidsplassar.