Leder, 18. oktober:

«Ufint angrep på fengselsplanar på Sunnmøre»

Ålesund fengsel har passert best-før-dato for lenge sidan. Det gamle fengselet tilfredsstiller ikkje dagens krav til soningstilhøve. Det er på høg tid at det blir avløyst av eit nytt, moderne fengsel på Digerneset.

Utdatert: Ålesund fengsel er utdatert, og har vore det lenge. Det er heilt naudsynt å bygge nytt fengsel på Digerneset for å erstatte dette.   Foto: Anette Sivertstøl

Dette utfordrar samhaldet som bør prege det politiske arbeidet i fylket

Leder

Det har politikarane på Sunnmøre klart å samle seg om, og det har også hatt brei støtte tidlegare blant fylkespolitikarane. Seinast i ein felles uttale om årets statsbudsjett stod fylkespolitikarane også samla bak eit krav om å få prosjektmidlar til eit nytt fengsel på Sunnmøre.

No set derimot ordførar Torgeir Dahl (H) i Molde seg på bakbeina. Då fylkesutvalet drøfta eit framlegg til uttale om statsbudsjettet, nekta han å stille seg bak støtte til nytt fengsel på Sunnmøre. Det skadar regionen sine interesser.

Planane om nytt fengsel på Sunnmøre har tidlegare vore med i statsbudsjettet, men utan løyving. Så vart Sunnmøre forbikøyrd av nytt fengsel i Agder, eit fengsel som no er under bygging, og skal stå ferdig i 2020.

Kriminalomsorg vest har derimot framleis nytt fengsel på Sunnmøre på topp på si prioriteringsliste over nybygg. Status no er at det pågår ei utgreiing. Denne er venta ferdig i april neste år, og er eit viktig steg vidare mot å kome inn med løyving på statsbudsjettet.

I mellomtida er det viktig at lokale politikarar held oppe trykket, slik at vi ikkje igjen får oppleve at andre prosjekt rykker fram i køen. Sjølv om ny teknologi og nye soningsformer har bidratt til å korte soningskøen, er det framleis stort behov for desse fengselsplassane. Dette er ingen konkurrent til fengselet på Hustad, slik Dahl hevdar og fryktar.

Til å kome frå ein politikar som så ofte klart har åtvara mot øydeleggande fogderikampar, er ei slik kuvending – basert på udokumenterte påstandar og reine spekulasjonar, svært oppsiktsvekkande.

Dette utfordrar samhaldet som bør prege det politiske arbeidet i fylket. Om to veker er det nytt møte i fylkesutvalet. Det møtet bør politikarane nytte til å rette opp i denne fadesen. Kan ein ikkje samla støtte i enkeltsaker fordi dei er på feil side av fogderigrensa, vil fylket heile tida kome til kort.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder