Dette er eit viktig grunnlag for å kome vidare i satsinga på vindkraft.

Det er likevel eit langt steg frå å finne eigna område til å setje i gang kraftproduksjon. Her må det gjerast meir politisk nybrottsarbeid. Det gjeld både med omsyn til naturmiljø og dei som får vindkraftanlegg i sitt nabolag.

Blant anna bør kommunar og lokalsamfunn som tar på seg dette for fellesskapen, gjennom bandlegging av areal og inngrep i naturen, sjå ein langt større gevinst.

I dag har vindkraftkommunane svært lite att for å stille sitt areal til rådevelde for vindkraftproduksjonen. Ei studie som NHH-professor Øyvind Anti Nilsen har gjort saman med ein tysk kollega, understrekar dette faktumet.

Studien syner at det ikkje er mogleg å spore nokon effekt av vindkraftverka på økonomiske faktorar som arbeidsløyse, personinntekt og verdiskaping lokalt, opplyser professoren til Bergens Tidende. Sjølv den kortvarige verdiskapinga i anleggsfasen kastar lite av seg for lokalsamfunnet.

Det er fem store område i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som no blir analysert av NVE. I den vidare prosessen vil aktuelle lokalitetar i desse områda bli peika ut. Ein må vente lokal motstand når det kjem så langt. Utan ein god økonomisk kompensasjon, blir i alle fall den ikkje mindre.

Vindkraftkommunane sitt krav om å få meir att for å opne natur til bygging av vindkraft, er både forståeleg og fornuftig. Landssamanslutninga for norske vindkraftkommunar peikar på kva vasskraftkommunane har fått gjennom naturressursskatten. Ein kan også peike på arbeidet som blir gjort for å kome oppdrettskommunane i møte.

Vi nyt alle godt av at naturområde blir nytta til oppdrett og kraftproduksjon, men ein kan ikkje kome unna at inngrepa har ein kostnad både for miljø og lokalsamfunn. Det er difor eit rimeleg krav at dei som får tilgangen til ein slik ressurs, betalar noko tilbake. Vi må alle løfte saman for å få fart på det grøne skiftet, ikkje la andre ta børa åleine.