Leder om klimapolitikk:

«Samarbeid heilt avgjerande for å nå klimamåla»

Avtale: Nærare 200 land deltok i klimaforhandlingane i Katowice i Polen. Målet med arbeidet er å unngå katastrofal klimakrise.   Foto: AP/Czarek Sokolowski

Derfor er avtalen eit viktig steg i rett retning

Leder

Seint laurdag kveld kom klimaforhandlarane i Katowice i Polen endeleg fram til eit resultat. I to veker har leiarar frå nesten 200 land jobba for å fylle Parisavtalen frå 2015 med konkret innhald, og eitt døgn på overtid vart forhandlarane einige om ei regelbok. Avtalen betyr at alle land må melde inn auka ambisjonar for klimakutt innan 2020, og reglane gjer det muleg å kontrollere at det enkelte land oppfyller sine lovnader. Det kan innvendast at avtalen er for lite forpliktande, og for lite ambisiøs, men samanbrot i forhandlingane ville ha vore eit dårlegare alternativ. Internasjonalt samarbeid er heilt avgjerande for at vi skal unngå katastrofen som tre graders global oppvarming vil medføre, og derfor er avtalen eit viktig steg i rett retning. Møtet har lagt grunnlag for nødvendig forsterking av klimapolitikken, men den verkelege jobben startar i det enkelte land no.

Klimaenighet etter maratonforhandlinger i Polen

Det holdt hardt, men etter forhandlinger mer enn ett døgn på overtid ble det enighet på klimamøtet i Polen om regler som skal dempe den globale oppvarmingen.


Klimamøtet i Polen har kome delvis i skuggen av dei kraftige demonstrasjonane i Frankrike siste tida. Demonstrasjonane starta som eit raseri mot høgare prisar på bensin og svekka levekår. Opptøyane viser at det vil bli alt anna enn enkelt for politikarar å gjennomføre upopulære, men nødvendige tiltak i åra framover. Alvoret i situasjonen kom klart fram i rapporten frå FNs klimapanel som vart lagt fram i haust. Den viser at den globale oppvarminga må avgrensast til 1,5 grader – i staden for 2 grader – for å unngå katastrofale konsekvensar. I dag styrer verda mot oppvarming på tre grader. Skal vi klare å snu utviklinga, betyr det i praksis at verdas klimautslepp må reduserast med 45 prosent innan 2030.

Greta Thunberg (15) frå Sverige gjorde sterkt inntrykk då ho refsa verdas leiarar under klimaforhandlarane i Polen, og kalla dei umodne hyklarar. Ho kritiserte dei for å ikkje våge å ta tak i problema, men overlate heile byrda til barn og barnebarn. Det er politikarane si oppgåve å legge forholda til rette for at vi kan nå klimamåla, at det blir lettare å leve miljøvenleg, og at byrdene blir delt rettferdig. Men den enkelte borgar har også eit ansvar. Framtidige generasjonar vil døme oss hardt dersom vi som er vaksne i dag ikkje tek det ansvaret på alvor.

Blandede reaksjoner fra miljøbevegelsen etter klimaenighet

Norske miljøorganisasjoner er glade for at det ble enighet på klimatoppmøtet i Polen lørdag kveld, men er skuffet over at løfter om klimakutt ikke ble inngått.

Elvestuen: – Helt nødvendig avtale

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) er fornøyd med avtalen som nå er inngått i Katowice i Polen. Han kaller den «helt nødvendig».

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder