Alt var ikkje betre før. Tvert imot. Svært mykje var dårlegare. Det gjeld også naudnettet. Naudnettet vi har i dag, er betre enn løysinga vi hadde før, men det betyr ikkje at det er godt nok. Framleis sviktar det for ofte når det trengst mest.

Denne veka skjedde det igjen. Uvêret som råka Nordvestlandet natt til mandag, stengde vegen til Geiranger, slo ut straumen og i eitt døgn var bygda utan telefon og internett – og altså naudnettet. Vi har dessverre sett slikt før.

I fjor haust var det tre år sidan det digitale naudnettet vart teke i bruk i heile landet. Det tok ikkje meir enn eit par månader til den første testen der ekstremvêret «Tor» slo ut naudnettet i store område, også fleire stadar på Nordvestlandet.

Tiltak for å gjere nettet meir robust har vorte gjort, mellom anna med betre reservestraum. Likevel har det skjedd igjen, fleire gongar. I haust var det ekstremvêret «Knud» som slo til, og no var altså ei middels vinternatt i sunnmørske fjordstrøk det som skulle til. Kritikken er på sin plass.

Allereie no er arbeidet med andre generasjons naudnett starta. Regjeringa vil etablere det basert på kommersielle mobilnett. Det må vere på plass i god tid før dagens driftsavtale med Motorola går ut i 2026. Ei viktig årsak er at dagens nett ikkje legg til rette for moderne løysingar som overføring av dronevideoar og utveksling av digital informasjon.

Vi må også kunne krevje at det nye nettet må tole meir i krisesituasjonar som uvêr og massive straumbrot enn det dagens naudnett gjer. Men vi bør heller ikkje slå oss til ro med å vente på det nye. Arbeidet med å gjere dagens nett meir robust må halde fram og styrkast.