Leiar tysdag

Alle partar tener på eit ryddigare arbeidsliv

AVVIK: Overnattings- og serveringsbransjen er ein gjengangar over dei bransjane som har mange avvik i Arbeidstilsynet sine tilsyn.   Foto: Scanpix

Arbeidsgjevar har plikt til å skaffe seg kunnskap om reglane som gjeld, og til å følgje dei

Leder

Alle tener på ryddige tilhøve i arbeidslivet. Eit effektivt og målretta tilsyn med at regelverk og spelereglar blir følgde er naudsynt. Når åtte av ti tilsyn i overnattings- og serveringsbransjen avdekker feil, er det difor eit problem.

Det betyr sjølvsagt ikkje at åtte av ti i bransjen er kriminelle eller useriøse. Mange av reaksjonane frå Arbeidstilsynet gjeld mindre alvorlege avvik som lett lar seg korrigere. Likevel er talet på avvik høgt, og bør vere ein vekkar både for enkeltaktørane sjølve og bransjen.

Det nyttar lite å bortforklare dette med at mykje av dette handlar om bagatellar og at tilsyn i nokre andre bransjar har nesten like høg andel avvik. Bagatellar bør behandlast som bagatellar og fiksast. Andre bransjar bør feie for si dør.

Sunnmørsposten fortalde mandag at det er avdekt avvik ved 80 prosent av 158 tilsyn i bransjen i Møre og Romsdal dei to siste åra. Dette er ikkje unikt – dessverre. Nivået har vore det same ved tidlegare tilsyn og i andre delar av landet.

Vanlege avvik er mangelfulle eller manglande arbeidskontraktar, svikt i rutinar for helse, miljø og sikkerheit og brot på reglane om overtidsbetaling og arbeidstid, mellom anna for lange vakter. Svikt i kunnskap om regelverket er truleg ei viktig forklaring, særleg blant dei minste bedriftene.

Forklaringa må likevel ikkje tene som ei bortforklaring. Delar av bransjen er prega av periodar med høgt arbeidspress og arbeid til ugunstige tider på døgnet. Slikt aukar risikoen for skadar og sjukdom. Difor er det viktig at reglar som skal syte for gode og trygge arbeidstilhøve vert følgde.

Arbeidsgjevar har plikt til å skaffe seg kunnskap om reglane som gjeld, og til å følgje dei. Så må styresmaktene syte for å gjere regelverket så enkelt og oversiktleg som mogeleg, slik at også småbedrifter som ikkje har store ressursar i bakhand, har sjanse til å klare å etterleve det.

Arbeidstilsynet bør også gjere sitt, særleg med å slå ned på dei alvorlege lovbrota. Målet må vere å få ned talet på avvik, til beste både for dei som arbeider i bransjen og for konkurransetilhøva. For trass alt; dei som ikkje har alvorlege avvik er også med på å betale prisen for eit uryddig arbeidsliv.