Leiar, 5. mars:

«Strengare miljøkrav må gjelde heile cruisenæringa»

Cruiseskip som besøker verdsarvområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden blir no møtt med strengare utsleppskrav.

Miljø: Tiltaka som skal redusere utslepp frå cruiseskipsnæringa må vere forma ut slik at vi ikkje berre flyttar på problemet frå ein stad til ein annan.   Foto: Staale Wattø

Slik forureining kan vere til fare for både natur og helse

Leder

Dei nye krava er eit viktig steg i rett retning. Frå 2026 er målet at trafikken på desse fjordane skal vere heilt utsleppsfri.

Dei nye reglane skal redusere utsleppa både til luft og sjø. Både utslepp av kloakk og gråvatn, og brenning av avfall om bord i skipa vert strengare regulert. Dessutan er det sett lågare grenser for utslepp av NOx og svovel. Slik skal cruisenæringa sitt miljøavtrykk i dei sårbare områda minskast.

Sjøfartsdirektoratet har i tillegg fått i oppdrag å greie ut om krava også skal gjelde skip som besøker andre norske fjordar. Det er det god grunn til. Sjølv om det er viktig å gi verdsarvområdet eit særleg vern, bør vi ikkje ende opp med eit regelverk som berre sender trafikken til nabofjorden.

I årets cruisesesong er det venta at over 220 cruiseskip kjem til å besøke Ålesund. Geiranger følgjer like bak, med over 180 anløp. I tillegg kjem annan skipstrafikk. Dette skaper både lokale miljøproblem og bidrar til store utslepp.

Særleg alvorleg kan den lokale forureininga vere i tronge fjordar med lite utskifting av luft. Slik forureining kan vere til fare for både natur og helse. I tillegg vert den unike naturopplevinga som turistane kjem for å få øydelagd.

Difor er alle vinnarar om det blir tatt drastiske grep. Særreglar for enkelte område, slik som verdsarvfjordane, kan likevel vere uheldig på lang sikt. Om presset på andre destinasjonar aukar og stadig fleire blir frakta til Geiranger med bussar frå Ålesund, Åndalsnes eller Stryn, har vi vunne lite.

I førre månad gjekk dei største norske cruisedestinasjonane saman om ein avtale om felles miljøkrav til cruiseskipsnæringa, mellom dei også Geiranger og Ålesund. Ein slik tiltaksplan er eit sterkt signal til næringa om å skjerpe seg.

No må denne planen også følgjast opp med handling. Då er det ikkje nok at reisemål-kommunane stiller krav. Staten må vere tydeleg på korleis den vil følgje opp både med å stille strengare miljøkrav og for å legge til rette for ei meir miljøvennleg næring. Eit krav om landstraum må til dømes følgjast opp med investeringar i infrastruktur.