Leiar 19. mars:

«Vi må vere meir kritiske til kva vi vil skulen skal løyse»

Norsk skule er betre enn sitt rykte, men treng likevel ei oppgradering.

Djupne: Breidda av fagstoffet må vike når vi no skal gi meir plass til djupnelæring i skulen. Tanken er langt frå ny, men ambisjonane for fagstoffet har trekt oss i motsett retning.  Foto: Kallestad, Gorm

Heretter bør vi stille oss spørsmålet om kva som skal ut før vi puttar nye ting inn i skulen

Leder

Nye utfordringar og ny kunnskap har kome til, både frå forsking og meir enn ti år med erfaring etter Kunnskapsløftet.

Det er på tide med ein ny ryddesjau, slik det no blir gjort med dei nye læreplanane som i går vart lagt ut til høyring. I ein kvar ryddesjau må ein vere streng med kva ein kastar og kva ein beheld. Det er mykje som hopar seg opp med åra.

I ein skule der vi har pakka stadig meir fagstoff inn, er det særleg viktig å prioritere rett. Proppa med ambisjonar om kva elevane skal få lære, har vi lagt så mykje inn i skulen at det har gått ut over kvaliteten. Det har vi høve til å snu på no, men då må vi klare å tøyle oss.

Elevane skal verte meir kreative, meir kritiske og meir utforskande, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) til VG. Nettvett, personleg økonomi og entreprenørskap og digitale ferdigheiter har fått ein klarare plass i dei nye læreplanane.

Slikt fagleg innhald får plass for å møte samfunnsutviklinga, erkjente behov og den teknologiske utviklinga. Ikkje minst har den digitale utviklinga gjort kvantesprang. Skulen må vere i stand til å styrke elevane både med teknologisk kunnskap og som digitale «innbyggjarar».

Den mest sentrale endringa er likevel at fagplanane i dei fleste fag er slanka, med færre kompetansemål og mindre fagstoff. I nokre fag er talet på kompetansemål bortimot halvert. Det gir læraren meir handlingsrom og eleven meir høve til å gå i djupna og lære godt det som skal lærast.

Når ein skal lære mykje om mangt, blir resultatet gjerne manglande læring. No kan vi gå motsett veg. Elevane vil få større sjanse til fordjuping. Kunnskapen vil då lettare bli verande, og kritisk tenking og sjølve evna til læring blir styrka.

No står det att for politikarane å vise at dei kan ta inn denne lærdommen. Politikarar som gir skulen stadig nye oppgåver etter innfallsmetoden og spør etter kunnskap som kan målast i testar er ei viktig årsak til at vi har fått ein skule prega av overflatisk læring. Heretter bør vi stille oss spørsmålet om kva som skal ut før vi puttar nye ting inn i skulen. Det er ein god leveregel etter ein ryddesjau.