Leiar 15. april

«Takk til alle som gjer ein innsats for andre i påska

Tusenvis av frivillige er i beredskap over heile landet denne veka.

Beredskap: Både i vaktlag på påskefjellet og som samtalepartnar på telefonen, gjer frivillige ein stor innsats for andre i påska.   Foto: NTB Scanpix

Mange opplever at einsemda blir ekstra vanskeleg i påska

Leder

Røde Kors har rundt 1.200 frivillige hjelpekorpsmedlemmar fordelt på 150 vaktstasjonar, i tillegg til dei mange tusen frivillige som er i vanleg beredskap dersom det skulle skje noko ekstraordinært.

Norsk Folkehjelp har også folk i beredskap året rundt. Den norske redningstenesta er bygd på eit solid samarbeid mellom det offentlege og private.

Frivillige hjelpeorganisasjonar legg ned mellom to og tre millionar timar i frivillig innsats per år. Det er imponerande og verdt å framheve.

Undersøkingar har vist at rundt halvparten av nordmenn reiser bort i påska, ein stor del reiser på hytta saman med familie og venner.

Det er likevel svært mange som er heime påskedagane, og langt frå alle har nokon å vere saman med.

Mange opplever at einsemda blir ekstra vanskeleg i den stille veka.

Opplevinga av å stå utanfor fellesskap, kan bli påtrengande. Det merkar Kirkens SOS som har døgnopen telefon som alle kan ringe til.

Pågangen er stor i høgtidene. Tusen frivillige medarbeidarar stiller opp for dei som har behov for nokon å snakke med, året rundt.

Dei er ikkje spesialistar, men likeverdige medmenneske som har tid til å lytte. Kvart år er Kirkens SOS i kontakt med tusenvis av menneske som på ulike måtar er i krise. Frivillige kan formidle varme og interesse, nettopp fordi dette er eit arbeid dei utfører heilt frivillig. Det gir engasjementet ekstra verdi.

Enkelte foreldre brukar feriedagar til å ruse seg slik at det går utover barna. Då er det andre som må sjå eller lytte til barna, slik at dei ikkje blir skadelidande.

Alarmtelefonen for barn og unge er ein sikkerheitsventil som mange barn har hatt nytte av.

Både som vaktmannskap på fjellet, som besøksvenn på sjukeheimen og som samtalepartnar på telefon bidrar frivillige med livsviktig arbeid.

Les om Tormod Eldholm (54) som bruker fritida si på Røde Kors:


[ helgapraten ]

Klar om alarmen går

Tormod Eldholm har sekken pakka og bilen full av utstyr, i tilfelle alarmen går. Røde Kors er blitt ein livsstil for bergensaren som har busett seg i Volda.


Påskebodskapen utfordrar oss til gjere noko for andre. I tillegg til den store innsatsen som frivillige organisasjonar utfører, har vi alle eit ansvar som enkeltpersonar. Vi har ansvar for å bry oss om kvarandre.

Det er ei viktig påminning i starten av den veka som kan bli stille på ein vond og vanskeleg måte for mange.