Nye miljøkrav for cruiseskip som skal inn i Geirangerfjorden, har ikkje bremsa trafikken. Så langt er det einaste synlege resultatet av dei nye reglane at lufta i fjorden har blitt klarare. Det nyttar å stille krav.

No skal ein sjølvsagt alltid vere forsiktig med å gjere opp status for tidleg, men erfaringane så langt ser altså gode ut. Sjøfartsdirektoratet sine kontrollar av skip i og utanfor Geirangerfjorden og Nærøyfjorden syner ei klar betring.

Dette er bra for miljøet lokalt, for omdømet til dei allereie hardt pressa turistmåla og er eit viktig steg på vegen mot ei utsleppsfri cruisenæring i nokre av våre mest verneverdige naturmiljø. I Geiranger er det også tidlegare slått fast at utsleppa i periodar har vore skadelege for folk si helse.

Før dei nye krava vart vedtekne av regjeringa, var det mellom anna lokalt stor skepsis. Ein såg sjølvsagt problema med forureining lokalt i tronge fjordarmar, men frykta at særreglar for verdsarvfjordane skulle gå ut over turismen der ved at cruisereiarlaga ville velje alternative destinasjonar.

Det har ikkje skjedd til no, i alle fall ikkje i merkbar grad. Hamnesjef Rita Berstad Maraak seier til Nynorsk pressekontor at erfaringane så langt er udelt positive. Fartøya og reiarlaga held seg til dei nye reglane.

Unntaket er det greske cruiseskipet «Magellan». Tidlegare i år måtte det ut med 700.000 kroner i gebyr for å ha hatt for mykje svovel i drivstoffet. Skipet kjem att om ei veke, og Maråk har åtvara dei om at det kan verte «utfordrande å anløpe Geirangerfjorden» om dei ikkje har retta seg etter krava.

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden står på UNESCO si liste over verdsarvområde, og har særleg krav på vern. Strengare miljøkrav for desse fjordane vil også kunne gi ein positiv smitteeffekt for andre fjordar og destinasjonar.

Meir utfordrande vil det bli å gjennomføre stortingsvedtaket om heilt utsleppsfri cruisefart i verdsarvfjordane seinast innan 2026. Det er framleis usemje både i næringa og politisk om det er mogeleg å gjennomføre utan dropp i trafikken. Erfaringane frå reglane som no er innført og den teknologiske utviklinga vi no ser, syner likevel at det løner seg å strekkje seg mot nye mål.