Igjen har vi blitt minte på kor sårbare vi kan vere når uvêret brått set inn. No var det ekstrem nedbør, flaum og jordras som sette oss ut av spel. Slike hendingar som denne gongen råka Sogn og Fjordane må vi ta lærdom av.

Spørsmålet er aldri om slike kriser vil oppstå, men når det skjer. Endringar i klimaet gjer at dei oppstår oftare. Vi må førebu oss betre på slike kriser, og syte for at skadeomfanget blir minst mogeleg når dei oppstår.

Det handlar ikkje berre om å ha ei god krisehandtering og ein god beredskap. Vi må også syte for å ha ein robust nok infrastruktur. Og vi må i alle fall ikkje leggje opp til ein struktur som gjer oss meir sårbare.

Den ekstreme nedbøren tirsdag førte til mange jordras og flaumstore elvar. Ein person er sakna etter at bilen han køyrde skal vere teken av ras. Fleire andre sat innesperra på rasstengde vegar, nokre gjennom heile natt til onsdag.

Hus var truga, og rundt 150 personar måtte evakuerast. Nesten eit døgn etter det første raset vart meld, var situasjonen uklar for rundt 30 personar som det ikkje var gjort greie for. Mobilnettet i delar av området var slått ut.

Samtidig var det gjennom natta uråd å nytte helikopter i søk og transport. Tilfeldig innesperra ambulansar utgjorde den medisinske beredskapen i delar av området. Vegen sørover til sjukehuset i Førde var også stengd, og pasientar i Nordfjord måtte visast til Volda, Ålesund, Voss og Bergen.

Folk i Sogn og Fjordane er vane til å takle ekstreme situasjonar. Så langt er det heller ikkje kome informasjon som gir grunn til å kritisere krisehandteringa. Vi bør likevel stille spørsmål ved korleis vi sikrar vital infrastruktur.

Igjen har mobilnettet svikta i ei krise. Samtidig har vi gjort oss stadig meir avhengige av dette. Vegnettet er framleis altfor sårbart, endå vi veit at det blir stadig meir utsett for flaum og ras. Samtidig sentraliserer vi akuttmedisinen slik at vi blir stadig meir avhengige av transport etter vegane.

Alt var slett ikkje betre før, men vi må vakte oss mot å ta nye steg framover utan å sikre oss at vi har eit robust fotfeste, anten det gjeld sjukehus, digitalisering eller telenettet.