Lovnader er lette å gi, men ofte vanskelege å halde. Slik er det også for kommunar og fylke som tidlegare i vår vedtok å erklære klimakrise. Så langt er det få spor å sjå etter desse erklæringane i konkrete handlingar.

No er det sjølvsagt altfor tidleg å felle ein dom berre få månader eller veker etter at vedtaka er fatta. Kommunane må få tid på seg til å utarbeide detaljerte planar. Så er det heller ikkje slik at kommunane er handlingslamma.

Arbeidet med å kutte i klimautslepp var for mange kommunar sin del godt i gang før desse erklæringane. Det gjeld også for kommunar som ikkje har gjort slike vedtak. Miljøorganisasjonane gjer likevel rett i å vere utolmodige.

Volda, Tingvoll og Molde er mellom kommunane som har vedteke slike kriseerklæringar. Fleire fylke har gjort det same. I Møre og Romsdal har Arbeidarpartiet varsla dette som ei sak når det nye fylkestinget trer saman etter valet.

I intervju med NRK kritiserer leiaren i Natur og ungdom politikarane for å gjere for lite. Han meiner det er falskt å erklære ei krise, om ein ikkje fylgjer opp med handling. Sjølv om det er ein altfor hard dom over kommunar som nettopp har gjort sine vedtak, er det eit godt og viktig poeng.

Erklæringar som ikkje får konkrete mål for klimakutt og handling, er verdlause. Sidan den australske byen Darbin vedtok den første kriseerklæringa i 2016, har tilsvarande kritikk vore retta mot fleire slike erklæringar. Det er også ein fare at kriseerklæringar kan kome i staden for handling.

Ei erklæring om klimakrise forpliktar. Seier ein «krise», så må ein også meine det. Ei krise er ein ekstraordinær situasjon som krev ekstraordinær handling. Då held det ikkje å seie at ein «arbeider godt».

Natur og ungdom er tidleg ute med å svinge pisken, men har god grunn til å vere utolmodige. Klimautsleppa våre har flata ut, men for kvar dag som går er sjansane til å nå måla vi har plikta oss til, vanskelegare å nå.

Tomme ord reddar ikkje klimaet. Tomme ord må heller ikkje få lov til å redde ansiktet til politikarar som nølar med å handle. Difor er det aldri for tidleg å stille tøffe krav.