Vi skal aldri akseptere at nokon vert hetsa og haldne nede fordi dei ikkje er som fleirtalet. Vi skal aldri akseptere at nokon vert mobba, truga eller diskriminerte på grunn av si seksuelle legning. Trass i at lesbiske, homofile, bifile og transpersonar sine rettar har blitt styrka i lovverket, har vi ein lang veg att å gå.

Altfor mange opplever at dei må kjempe for sin rett til å vere seg sjølv. Difor er markeringar som Ålesund Pride og Bygdepride naudsynte. Difor er den støtta mange syner ved å stille opp i paraden i Ålesund Pride i morgon viktig. LHBT-personar blir framleis diskriminerte.

Formelt er kanskje likestillinga kome langt i Norge, også samanlikna med fleire vesteuropeiske land. Haldningane har også endra seg i positiv retning dei seinare tiåra. Det er i dag lettare å stå fram som homofil og lesbisk enn for ein generasjon sidan.

Hatytringar, mobbing og undertrykking er likevel framleis ein smertefull del av livet til svært mange. Ei fersk undersøking i regi av Institutt for samfunnsforsking fortel at så mange som kvar fjerde LHBT-person har blitt utsett for hatytringar. Meir enn ein av ti fortel at dei har opplevd trugsmål.

Dei fleste har ingen problem med å fordøme dette og støtte ofra, men det er ikkje berre slike alvorlege angrep dette handlar om. Dei grove ytringane og trugsmåla som eit lite fåtal står for, har også sin grobotn og får næring i haldningar som har eit altfor breitt fotfeste hos langt fleire.

Slike haldningar syner seg oftare som «vitsing», negative kommentarar, «skitslenging» og nedsetjande karakteristikkar. Slike haldningar syner seg i moralsk fordøming frå folk som har sterke meiningar om korleis andre skal leve sin liv. Slike haldningar blir ikkje mindre farlege og giftige av at vi pyntar dei med påstått toleranse eller bagatellisering.

Tvert om. Jo, meir vi pyntar dei og bagatelliserer dei jo meir skadeverknad kan dei ha. Konsekvensane for dei som føler seg uthengt, utstøytt og undertrykte for si legning kan vere øydeleggjande. Vi er mange som må gå i oss sjølve fordi vi ikkje tar eit oppgjer med slike haldningar når vi møter dei på arbeidsplassen, skulen eller i idrettslaget. Vi er mange som har ein lang veg å gå.

Eit første steg er å ope syne si støtte. Det neste å konfrontere dei som trykkjer andre ned.