Lova må vere lik for alle, og alle må vere like for lova. Det er viktigare enn kvar sorenskrivaren har kontor. Når små tingrettar slit med kvalitet, lang saksbehandlingstid og habilitet, er det gode argument for å kutte i talet på tingrettar, slik Domstolskommisjonen foreslår.

Sjølvsagt blir det bråk. Senterpartiet får meir bensin på bålet i sin protest mot sentraliserande reformer. Her kjem også lokale ordførarar til å gå i kamp for sin tingrett, slik både påtroppande og avtroppande ordførar i Volda har varsla. Det er ikkje utan grunn.

Ein tingrett gir ein stad både status og prestisje. Stor avstand til næraste domstol går også ut over lokalkunnskap, publikum sin tillit og gir meir reisetid. Ein tingrett gir også marknad for eit lokalt juridisk miljø, noko som gir publikum tilgang til juridisk bistand.

Argumenta for større og sterkare fagmiljø er likevel tyngre. Omsynet til likebehandling er viktigast. Like saker skal dømast likt. Materialet til Domstolskommisjonen indikerer at det er skilnad i kvalitet og rettspraksis mellom norske domstolar. Nokre av skilnadane går mellom store og små domstolar.

Slike avvik er direkte i strid med prinsippet om likebehandling, eit berande rettsprinsipp i eit liberalt demokrati.

Dei minste domstolane er dessutan meir sårbare og mindre fleksible. Dei har mindre armslag til fagleg oppdatering og moderat spesialisering. Små tingrettar støyter også oftare mot habilitetsproblem, blant anna fordi dommaren har vore inne i saka på etterforskingsstadiet.

Dommarfullmektigar skal heller ikkje behandle saker med meir enn seks års strafferamme, og helst ikkje ha saker under barnevernlova.

Når ein tingrett er sett saman med ein sorenskrivar og to dommarfullmektigar, seier det seg sjølv at den ofte støyter mot slike utfordringar. Både dette og habilitetsproblem kan gi lengre saksbehandling. Det går ut over både offer og tiltalte i alvorlege saker.

Dei fleste tingrettane er sjølve positive til strukturendringar nettopp av omsyn til fleksibilitet, effektivitet og for å verte ein del av eit større fagmiljø.

Likevel vil vi heilt sikkert sjå ei regjering som er langt meir forsiktig enn kommisjonen. KrF vil stritte sterkt imot, og det er også grenser for kor mykje sentraliserings-juling regjeringa vil ta. I denne saka bør dei tole litt.