«Ikkje hos kemnaren vi treng jobbvekst»

Strammare: Finansminister Siv Jensen (Frp) strammar inn pengebruken i framlegget til statsbudsjett. Vi må bu oss på at det kan bli den nye normalen.   Foto: NTB Scanpix

Vi må få skatteinntektene opp, men talet på skatteoppkrevjarar må ned

Leder

Om vi blir meir opptatt av kvar kemneren har kontor enn kor mykje vi betalar i skatt, har vi eit problem. Nedlegging av 227 kommunale skattekontor betyr mykje for dei som arbeider der, men det er ikkje her dei store utfordringane for nasjonen ligg.

Norge er i ein situasjon mange andre vil misunne oss. Vi badar i oljepengar. Økonomien er god og utsiktene framover er lyse. Spådommen i forslaget til statsbudsjett er at sysselsettinga neste år framleis vil gå opp og arbeidsløysa ned.


Slik slår statsbudsjettet ut i hverdagen

NRK-lisensen legges om, alkohol- og tobakksavgiftene justeres og det blir dyrere å handle i utenlandske nettbutikker. Slik slår statsbudsjettet ut.


Likevel har vi altså ikkje pengar til alt vi måtte ynskje oss. Oljeinntektene har passert toppen, og vil falle i åra som kjem. Samstundes peikar utgiftene oppover.

Skal vi unngå å kutte i velferda, må vi bruke pengane smartare og skape nye inntekter. Vi må få skatteinntektene opp, men talet på skatteoppkrevjarar må ned.


Ap mener regjeringen svikter neste generasjon

Arbeiderpartiet mener statsbudsjettet ikke kutter klimautslippene nok, ikke reduserer forskjeller mellom folk eller skaper nok fremtidsrettede jobber.


Regjeringa meiner den vil spare 370 millionar årleg ved å flytte skatteinnkrevjinga frå kommunane til staten. Sjølv i oljerike Norge er det eit betydeleg beløp, pengar vi treng til andre føremål.

Kvaliteten i tenestene vil heller ikkje bli svekka, heller tvert om. Alle tilsette som blir råka av omstillinga vil dessutan få tilbod om å bli med over i Skatteetaten.

Argumenta for å stille opp i fakkeltog for å berge dei kommunale skattekontora, blir difor etter kvart få. Den smule sentralisering som ligg i dette, må vi heller motverke på anna vis.

Vi treng tvert imot fleire slike grep i offentleg forvaltning, slik at vi kan frigjere pengar til å trygge berekrafta i velferda vår.


Statsbudsjettet: Dette får Nordvestlandet

Dette får Møre og Romsdal fra statsbudsjettet 2020, ifølge oversikten til regjeringen.


Utfordringane våre står i kø. Talet på eldre aukar sterkt framover, og med det veks trykket både på trygdebudsjettet og helsebudsjetta både for kommunar og stat.

Vi passerer dessutan neste år 100 milliardar kroner i utbetalingar til uføretrygd. Det er historisk høgt. Over 357.000 uføretrygda er eit urovekkjande høgt tal, ikkje minst etter eit år med god sysselsettingsvekst.

Fleire og fleire blir altså ståande utanfor arbeidslivet og er avhengige av trygdeytingar. Den utviklinga må vi gjere alt vi kan for å snu, men samstundes må vi klare å finansiere velferda for dei som må ha hjelp.


Regjeringen vil redusere bruken av oljepenger neste år

Regjeringen vil bruke 243,6 milliarder kroner av oljefondet neste år, 2,6 milliarder mindre enn i fjor. Det innebærer et uttak på 2,6 prosent av fondets verdi.


Vi må skape fleire nye arbeidsplassar for å få dette til, men ikkje i kommunale kemnerkontor – heller ikkje i Skatteetaten for den del.