Må luke ut uskikka lærebedrifter

  Foto: Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Leder

Norge vil trenge opp mot 100.000 fagarbeidarar dei neste ti åra. Meiner vi alvor med dette, må vi også ta på alvor måten vi tar imot og behandlar dei som vil bli det.

Vi må sikre kvalitet på opplæringa, og ikkje berre ha fokus på talet på nye læreplassar. Vi skal sjølvsagt ikkje tolerere at ungdom får eit dårleg første møte med arbeidslivet, korkje når det gjeld fagleg innhald eller når det gjeld arbeidsmiljø.


Rekordmange fikk læreplass i 2018

74 prosent av søkerne hadde ved utgangen av fjoråret fått godkjente lærekontrakter. Det er den høyeste andelen som er registrert siden målingene startet i 2011.


I jakta på nye læreplassar, må vi sørge for at bedriftene som blir tatt inn i ordninga held mål og er "vaksne nok" for oppgåva. Det offentlege må på si side ha gode nok rutinar og midlar til å rettleie og kvalifisere bedriftene – og til å luke ut dei som ikkje held mål.

I Norge har vi i dag litt over 40.000 ungdommar i lære i bedrifter eller i offentleg verksemd. I Møre og Romsdal er talet rundt 2.500. Dei aller fleste har heldigvis både eit godt møte med arbeidslivet og får opplæring med god kvalitet. Slik sikrar dei seg ei yrkesframtid og samfunnet tilgang på godt kvalifisert arbeidskraft.


Elev- og lærlingeombudet slår alarm

Rystet over trakassering av lærlinger

Påstander om at de er udugelige og ubrukelige. Kjeft og trakassering, det er hverdagen til en rekke lærlinger i fylket. Nå slår elev-og lærlingeombudet alarm.


Dessverre er det ikkje alle unge som får ein like god start og mottaking. Elev- og lærlingombod Anita Alnes Solevåg i Møre og Romsdal la tysdag fram sin årsrapport for fylkestinget.

Hennar melding til dei folkevalde gir eit bilete av ein del av arbeidslivet og lærlingordninga som ingen kan vere stolte av.

Lærlingar og deira føresette har kontakta ombodet med saker som fortel om mobbing, trakassering, kjefting, uthenging og latterleggjering av sårbar ungdom. Ombodet har også hatt seksuell trakassering mellom sine saker.

Bak desse sakene står ukloke vaksne i bedrifter som er godkjende som lærebedrifter, men som likevel ikkje er skikka.


LO og Arbeiderpartiet med industrikonferanse i Ålesund:

Vil ha garanti for læreplass

Jonas Gahr Støre regner med at i ukene som kommer vil 5–6000 ungdommer få vite at de ikke har læreplass.


Sjølv om talet på slike saker er lite i høve til totalen, er dette svært alvorleg. Ekstra alvorleg er det at systema for å førebyggje, fange opp og løyse problema er for dårlege og at enkelte opplever at vanskane eskalerer om dei søkjer hjelp.

Her er det heilt tydeleg behov for ei opprydding og betre system.

Elev- og lærlingombodet legg i sin rapport fram fleire tilrådingar. Blant dei bør fylket først sørge for å krevje obligatorisk kurs for å bli godkjent som lærebedrift. Så bør ein få på plass tiltak som effektivt kan luke ut dei som ikkje er skikka til å vere det. I jakta på å auke talet på læreplassar, må vi aldri gå på akkord med kravet til kvalitet.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder