I dag svir nordmenn truleg av fire milliardar på sals-jippoen «Black Friday». Denne USA-importen har på få år etablert seg som årets store forbruksfest, også i Norge, trass all kritikk.

For den som er oppteken av berekraft og klima har nemleg dagen blitt eit symbol på ein skadeleg forbruksvekst. Mange meiner at Black Friday er ein utspekulert metode for å få folk til å handle mest mogeleg, og kjøpe ting dei ikkje har bruk for - og kanskje heller ikkje råd til.

Vi ser også døme på at butikkar og kjedar nyttar alle triks i boka for å få tilboda til å sjå meir forlokkande ut enn dei er. Det er altså mange gode grunnar til å møte dagen med en sunn dose skepsis. Snobbekritikken av dei som faktisk slår til på tilboda, bør vi likevel leggje på hylla.

Samanhengen mellom forbruksvekst, auke i klimautslepp og rovdrift på ressursar er godt dokumentert og udiskutabel. Vi bør difor gjerne setje på bremsene.I vår del av verda må vi også ta eit ekstra ansvar for moderasjon. Vår forbruksvekst kjem på toppen av eit allereie høgt forbruk, kobla med at vi kjøper varer med kort levetid og kastar godt brukbare produkt.

Ansvaret for det overforbruket må vi ta heile året. Når dette går over i oppmodingar om boikott og skam-stempling av dei som nyttar sjansen til å kjøpe varer på tilbod, blir det likevel forkasteleg, slik dosent Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania peikar på i ein kronikk i NRK Ytring.

Han kallar dette ein nedlatande kritikk av dei som faktisk er nøydde til å handle på sal, og ein «privilegieblind kritikk av arbeidsløse, fattige innvandrere, NAV-ere og enslige mødres rasjonelle valg som forbrukere».

Sjølvsagt treng ein ikkje vere fattig for å handle på Black Friday. Då må kunne halde lenge at ein vil vere prisbevisst. For ein sunnmøring har det aldri vore hefta noko skam ved det, og det bør det heller ikkje vere for andre.

Vi bør alle gjere ein innsats for bremse forbruksveksten vår og vri forbruket over i ei meir berekraftig retning. Likevel: På same måte som det ikkje er kaloriane vi får i oss mellom jul nyttår som gir overvekt, men dei vi får i oss mellom nyttår og jul, så er det ikkje det vi handlar i dag som får kloden til å koke.