Omlegginga til utsleppsfri ferjedrift kostar. Det bør staten betale. Ferjefylka kan ikkje ta ein så stor del av denne kostnaden som det er lagt opp til no. Det har dei ikkje økonomisk berekraft til.

Fylkeskommunane sin einaste sjanse er då å skubbe rekninga over på dei ferjereisande eller å kutte hardt i rutetilbod, skuleklassar og vedlikehald av fylkeskommunale vegar og bygg. Det er dårleg samfunnsøkonomi og uforsvarleg forvaltning av fellesskapet sine ressursar.

Regjeringa har høge ambisjonar, og statsminister Erna Solberg held klimakutt-fanen høgt på klimamøtet i Madrid denne veka. Den må haldast like høgt når rekninga for det grøne skiftet skal finansierast.

Samferdslesjefen i Møre og Romsdal har nettopp lagt fram eit notat som syner at det kan koste ein milliard kroner å leggje om dei 20 ferjestrekningane i fylket til elektrisk drift fram til 2027. Dette omfattar investeringar i nye kaier, forsterking av straumnettet og anna infrastruktur.

Summen er avgrensa til miljøoppgraderinga. I tillegg kjem andre kostnader til investering og drift på eit allereie underfinansiert område. Frå staten kan fylket berre rekne med rundt 220 millionar i støtte frå Enova.

Dette gir ei urettvis byrdefordeling. Regjeringa har forplikta seg til kraftige klimakutt gjennom internasjonale avtalar som har eit mål om å bremse den globale oppvarminga til maksimum 1,5 til 2 grader. Klimakonferansen i Madrid har i all hovudsak ei teknisk tilnærming, men på møtet i Glasgow neste år vil det bli sett nye, meir kraftfulle kuttmål.

Kutt i transportsektoren ved overgang til null- og lavutsleppsteknologi vil vere heilt naudsynt. I Norge står denne sektoren for ein tredjepart av alle utsleppa. Vegtrafikken er den største syndaren, men sjøverts transport kjem på ein klar andreplass, langt framfor luftfarten.

Blant ferjefylka er Møre og Romsdal ein klar nummer ein med utslepp frå ferjedrifta som tilsvarar dei årlege utsleppa frå over 60.000 diesel- eller bensinbilar. Overgang til elektriske ferjer vil altså vere eit betydeleg bidrag.

Difor er desse kutta viktige, men det er fullstendig urimeleg at kostnader for tiltak som fellesskapet både har forplikta seg til og har nytte av, einsidig skal skubbast over på kystbefolkninga.