Skular som har svake resultat i år etter år, må få hjelp — for elevane si skuld. Ingen fortener ein dårlegare start på vaksenlivet fordi skulen du går på ikkje har evner eller ressursane den treng for å hjelpe deg.

Ansvaret for dette ligg på skuleeigar. I Norge er det i dei fleste tilfelle kommunar og fylkeskommunar. Klarer ikkje dei denne jobben, må dei bli møtt med strenge krav.

Å setje ein skule som slit med resultata i skammekroken, er likevel ein dårleg plan. I kombinasjon med fritt skuleval kan dette til og med bli ein giftig cocktail som gjer situasjonen verre for skulen. Då tapar også elevane.

Leiinga i Høgre sin programkomité vil ha statleg styring av skular som ikkje får gode nok resultat. «Vi driver ikke og gambler med barns fremtid», seier komiteleiar Linda Hofstad Helleland til VG, og foreslår «skule-ROBEK» for skulane som ikkje klarer jobben.

ROBEK-lista som dette lånar namnet frå, er skammekroken til kommunar som ikkje klarer å styre økonomien. Hamnar dei her, blir dei underlagt statleg kontroll med mellom anna budsjett og låneopptak. Først når ting er på stell, slepp dei ut til friminutt.

Korleis dette kan fungere for skular som ikkje klarer å klatre over den nedre grensa for skulekvalitet, er meir uklart. I dag får dei 227 skulane i 66 kommunar tilbod om statleg støtte og rettleiing. Fylkesmennene og Utdanningsdirektoratet gir også pålegg og råd i samband med sine tilsyn. Det bør vere god nok vekkjar for skuleeigar.

Å setje skular på versting-liste kan i kombinasjon med fritt skuleval gi elevflukt som svekkjer skulen endå meir. For lærarar på jobbjakt er det heller ingen godbit, og rekrutteringsproblem kan bli resultatet.

Statleg styring er også eit inngrep mot det lokale sjølvstyret som ein bør vere varsam med. Det er skilnad på å bruke pisken på ein kommune som brukar meir pengar enn den har, enn å gjere det når kvaliteten på tenestene ikkje er god nok.

Motivet bak framlegget om eit «skule-ROBEK» er godt. Det må stillast klare krav til kvalitet i skulen.

Ein bør likevel ha tillit til at lokale politikarar er like interesserte som andre i å gi «sine» barn ein god start. På lik linje med elevar i skulen treng også dei heller klare beskjedar og god rettleiing enn ein tur i skammekroken. Dei som ikkje tar hintet, kan skiftast ut ved neste val.