Politikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune kan godt føle seg lurt. Pressa av knallharde økonomiske utsikter, trassa dei protestane frå innbyggjarar i fylket og gjennomførte sviande budsjettkutt.

Skuletilbod vart vedteke nedlagt, tannhelsetenesta vart slanka og det vart vedteke kraftig auke i ferjetakstane samstundes som rutetilbodet for både ferjer og buss vart redusert.

Som ein del av bakteppet for desse vedtaka låg prognosane om at økonomien vart endå dårlegare enn rekna med også i 2019.

Berre litt over ein månad etterpå viser det seg så at fylkeskommunen har lagt bak seg eitt av dei beste åra på lenge. Prognosen sa at netto driftsresultat ville lande på 36 millionar kroner, nær 70 millionar bak budsjett. Med dette ville Møre og Romsdal ligge heilt i botnen i økonomisk resultat blant fylkeskommunane i landet.

Det faktiske resultatet vart eit overskot på nær det tidoble av denne prognosen, 310 millionar kroner. Så langt ser det ut til å plassere fylket blant dei beste i landet.

Rett nok var ein del av dette ekstraordinære inntekter frå staten på over 60 millionar kroner til tunnelrehabilitering etter ein reknefeil i departementet. Dette kunne ikkje fylkesadministrasjonen føresjå. Ser vi bort frå dette, bommar prognosen med over 200 millionar.

No er det ikkje slik at fylkespolitikarane kunne ha unngått å kutte i driftsbudsjetta om dei hadde visst kor godt det eigentleg gjekk i 2019.

Fylkeskommunen har over tid hatt for dyr drift sett i høve til inntektene, og måtte uansett stramme inn. Overskotet rokkar heller ikkje ved det faktum at overgangen til el-ferjer og autopass-ordninga pressar fylket sin økonomi endå meir, noko som vil merkast endå meir i dei komande åra om ikkje staten bidrar med meir i finansieringa av ferjedrifta.

Hastverket dei fekk i fjor haust var likevel sterkt prega av utsiktene til at fondskapitalen var i ferd med raskt å krype ned mot null. Med det resultatet fylkeskommunen oppnådde i fjor, blir ikkje dette lenger like akutt.

Hadde politikarane visst at dei hadde 260 millionar kroner meir å rutte med, kunne dei gått inn for ei mjukare landing. Skuletilbod kunne vorte skjerma, og ferjepassasjerar kunne truleg vorte spart for store delar av takstsjokket.

Eit godt økonomisk resultat er eigentleg ei gladsak, men denne gongen liknar det på ein skandale.