Medan dei aller fleste er opptekne av korleis vi skal kome oss gjennom koronakrisa, er der også nokre få som er meir opptekne av korleis dei kan utnytte at den gjer oss meir sårbare.

Stenginga av samfunnet endrar ikkje berre kvardagen til folk flest, men også kriminaliteten. I si nye trusselvurdering åtvarar Økokrim mot kriminelle som utnyttar krisa. Politiet i fleire andre land har gjort det same.

Kriser får fram det beste i folk – hos enkelte dessverre også det verste.

Koronakrisa har ført til eit fall i fleire typer kriminalitet. Utelivsvald og innbrot i private heimar blir det mindre av når folk er heime. Strengare grensekontrollar og reiserestriksjonar gjer det vanskelegare for narkokriminelle.

Andre former for kriminalitet blomstrar dessverre opp. Det er grunn til å frykte meir vald i nære relasjonar bak lukka dører i heimane. Barn kan også lettare bli utnytta og utsette for overgrep på nett.

Organiserte kriminelle har også raskt tilpassa seg. Forsøka på svindel og bedrageri aukar. I fleire land har sjukehus og helsetenester endt opp med piratkopiert smittevernutstyr, eller blitt offer for tjuveri av alt frå oksygenflasker til handsprit og andletsmasker.

Nett- og fakturasvindel kan også få betre kår når normale kontrollmekanismar og forsvar er svekka i ei krise. Med mange på heimekontor kan det opne nye dører for cyberkriminelle.

Tiltaka som skal berge næringslivet gjennom krisa, gir også kriminelle nye moglegheiter. Norsk politi har alt fått tips om firma som skal ha permittert tilsette og latt dei arbeide vidare med svart betaling.

Økokrim fryktar også at kriminelle vil freiste å forsyne seg av kontantstøtteordninga til bedrifter. Milliardar skal her ut på kort tid. Ordninga er i stor grad basert på tillit.

Stort press på både Nav og Skatteetaten sin kapasitet vil setje deira kontrolloppgåver under press.

Koronakrisa gir altså nokre kriminelle eit auka handlingsrom.

Misbruk av tilliten i eit samfunn der så mange ofrar så mykje i kampen mot ein pandemi, må bli slått hardt ned på.

Fleire land, mellom anna Danmark, har skjerpa straffer for koronakriminalitet. Dette kan kanskje virke.

Viktigare er det likevel at vi stengjer for dei kriminelle sitt handlingsrom.

Alle som kan, må syte for å ha forsvaret på plass også i ei krise. Så må politiet vere rusta til å avsløre og strafferforfølgje dei som prøver å bryte gjennom dette.

Kriminalitet skal aldri løne seg. Aller minst no. Aller minst den som utnyttar at folk er i krise.