I sin nye risikorapport framhevar Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) at trusselaktørar kan bruke falske nyheiter og desinformasjon til å destabilisere Norge. Koronakrisa gjer oss meir sårbare, og det kan bli utnytta. Derfor er det viktig at vi alle er på vakt mot uønskt påverknad.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet skriv at trusselaktørar leitar systematisk etter sårbare område i norske verksemder og norsk infrastruktur. Det blir jakta på ny teknologi, naturressursar, forretningsløyndomar og sensitiv informasjon om forsvarsevne og beredskap.

Også i NATO blir falske nyheiter karakterisert som eit alvorleg trugsmål. NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg har peika direkte på Kina og Russland. Under ein pressekonferanse nyleg sa Stoltenberg at dei to landa bevisst har forsøkt å spreie falske nyheiter om pandemien for å ramme forsvarsalliansen. Til dømes falske saker om at viruset skal vere skapt av USA og andre NATO-land. Desinformasjon blir brukt som våpen for å skape splid og uro, og svekke tilliten til både nasjonale styresmakter og forsvarsalliansen.

Ein stor del av dei falske nyheitene blir spreidde via sosiale medium, og vi kan alle bli lurt. Falske nyheiter er eit omgrep som blir brukt om nyheitsliknande saker som heilt eller delvis er basert på løgn, eller som har utelate informasjon for å skape ei bestemt vriding. I motsetnad til feilinformasjon, som kan skuldast slurv, kunnskapsløyse eller misforståing, er desinformasjon bevisst manipulasjon. Formålet kan vere å tene pengar, svindle deg eller skape forvirring og kaos. Medisinen mot falske nyheiter er fakta som kan sjekkast, og eit opplyst, offentleg ordskifte.

Det er positivt at kjeldekritikk blir eit viktig fagområde i den nye læreplanen som Kunnskapsdepartementet fastsette i fjor, og som skal takast i bruk i haust. Digital dømmekraft og kjeldekritikk skal prege fleire fag allereie frå dei første skuleåra.

Det er likevel ikkje berre dei yngste som treng opplæring. Undersøkingar har vist at mange eldre er lite kjeldekritiske. Mange deler saker som er laga av reine løgnfabrikkar utan å vere klar over det. Medietilsynet gjennomfører for tida ein informasjonskampanje for å få fleire til å bli meir kjeldekritiske. Folk blir oppmoda om å tenke seg grundig om før dei deler saker frå nyheitskjelder dei ikkje er sikre på.

Ei open, uavhengig presse som arbeider etter strenge etiske reglar har aldri vore viktigare. Når desinformasjon blir brukt som middel for å destabilisere demokratiet, kan vi ikkje vere likegyldige.