Norge må satse sterkare på utdanning og forsking. Dette blir ekstra synleg i ei krisetid.

Vi er nøydde til å få fart i omstillinga av næringslivet, og vi må ha fleire i arbeid i mellom anna helse og skule.

Ungdommen har forstått det. No må vi gi fleire av dei sjansen til å satse.

Fredag vart tala frå Samordna opptak klare. Igjen er det nye rekordar. Meir enn 150.000 har søkt høgare utdanning og over 9.400 på fagskulane, som for første gong er med i dette opptaket.

Veksten for høgare utdanning er på over 8,7 prosent. Både Høgskulen i Volda, NTNU i Ålesund og Høgskolen i Molde har vekst i søkjartala, prosentvis størst i Molde.

Dei unge si interesse for å utdanne seg aukar altså. Slik har det også vore i mange år. Talet på studentar i Norge har auka med nær 100.000 dei siste 20 åra – eller nær 34 prosent.

Veksten i talet på søkjarar har dessverre ikkje eit motstykke i tilsvarande auke i talet på studieplassar. Det betyr altså at konkurransen blir hardare. Fleire enn vanleg vil få avslag på søknadane sine.

Det er uheldig på meir enn ein måte.

Vi står midt i den største krisa på over 70 år. Norge kan få eit særleg tøft tilbakeslag. Vi har vorte ramma av ein dobbelt smell, både som ein direkte konsekvens av pandemien og fordi oljeprisen har stupt.

Utsiktene i arbeidsmarknaden er dystre. Det har truleg også sett sitt preg på søkjartala. Fleire vel utdanning som eit alternativ til arbeidsløyse. Dei vil styrke kompetansen sin for å stå betre rusta.

Dette er ein smart strategi for den enkelte. Det er smart også for samfunnet.

Som eit kortsiktig krisetiltak bør det derfor opprettast fleire studieplassar allereie no.

Dette vil også betale seg på lang sikt.

Pandemien har vist oss kor viktige helsearbeidarane er. Vi må ta den lærdommen til oss. Då kan vi ikkje lenger snakke om fastlegekrise og sjukepleiarmangel utan å gjere noko med det. Vi må utdanne fleire.

Kvardagen kjem heller ikkje tilbake til næringslivet, slik den var før krisa. Arbeidsplassar vil bli borte. Bedrifter vil bukke under. Vi må skape nye.

Oljemarknaden vil heilt sikkert kome opp av den djupaste bølgjedalen. Vi har likevel fått eit nytt varsel om kor farleg det er å vere for avhengige av oljen, og vi må få fart i omstillinga.

Skal vi klare det, må vi satse endå sterkare på ny kompetanse. Dette er det beste kortet for eit høgkostland som Norge.

La oss difor gi fleire unge den sjansen.