Sunnmørsposten meiner:

Må gi meir rom for krise-skjønn

Over kneika: Møbelbedrifta LK Hjelle AS har vore gjennom tunge tider, men var på veg over kneika då koronakrisa kom. Når dei søkjer om statleg garanterte kriselån, blir dei likevel dømde på fortida.  Foto: Terje Engås

Leder

Krisepakkane som skal hjelpe næringslivet over koronakneika, vart rulla ut i rekordfart. Rask reaksjon og handling var heilt avgjerande for å hindre massekonkursar.

Noko av det som gjekk tapt med det høge tempoet, var treffsikkerheita i ordningane. Resultatet vart at nokre bedrifter som heilt klart burde fått hjelp, fell utanfor.

No er tida inne for å rette opp i dette.


Ingen lån ved underskot

Hadde underskot i fjor - får ikkje kriselån no

Møbelbedrifta LK Hjelle AS i Sykkylven er ei av mange bedrifter som ikkje får nyte godt av dei statleg garanterte kriselåna - fordi dei hadde underskot i fjor.


Møbelbedrifta LK Hjelle AS i Sykkylven er ei av mange bedrifter som ikkje får nyte godt av dei statleg garanterte kriselåna – fordi dei hadde underskot i fjor. Ein stor snuoperasjon med nye eigarar, frisk kapital og ein ny strategi har gitt plusstal i rekneskapen tel ikkje.

Regelverket seier at ei bedrift som har gått med underskot eitt av dei to siste åra, skal få nei. Dei blir altså felt av «gamle synder». Finanspolitisk talsperson i Frp, Sylvi Listhaug, tar no opp saka med finansminister Jan Tore Sanner (H).

Sanner sitt svar bør ikkje vere å syne til at slik er regelverket.


Regjeringa vil garantere for kriselån til små og mellomstore bedrifter

Regjeringa foreslår at staten garanterer for 90 prosent av lånesummen til mindre bedrifter som er ramma av koronakrisa. Obligasjonar skal hjelpe dei store.


Sjølvsagt må staten stille krav om sunn økonomi til dei som skal få krisehjelp. Krisepakkane skal hjelpe levedyktige bedrifter til å overvintre gjennom denne krisa, ikkje fyllast i uendelege tapssluk.

Statleg garanterte kriselån skal ikkje vere unntatt slike krav.

Problemet er at regelverket no ikkje skil mellom bedrifter som er på veg ned bakken og dei som er på veg opp. Verst er det om bedrifter som LK Hjelle, som kan dokumentere at dei faktisk har kome seg over kneika, blir dytta ned att av koronakrisa utan å få hjelp.


Ikke alle får nyte godt av regjeringens kriselån

Lånegarantier skal hjelpe mindre bedrifter, men både opposisjonen og NHO er bekymret for dem som faller utenom ordningene.


Slike bedrifter kan dokumentere at dei er livskraftige, berre ikkje med dei kriteria som vart sett i all hast då krisepakken på 50 milliardar vart vedteken.

Tilsvarande må det vere med gründer- og vekstbedrifter som hadde lav eller ingen inntekter i fjor, og stod klare til å hauste fruktene – til dømes no når turistsesongen skulle starte. Dei risikerer også å kome dårleg ut i den såkalla kontantstøtteordninga.

I begge desse tilfella er det snakk om bedrifter som kan dokumentere sunn økonomi, men likevel risikerer å bli dømde på historiske resultat.


Strengere krav for krisehjelp i Danmark enn i Norge

Danmark har vedtatt strengere krav enn Norge til bedrifter som skal få krisehjelp. Også flere EU-land drøfter utbyttenekt og andre begrensninger.


Sanner lovde at bruk av skjønn måtte kompensere for manglande presisjon i regelverket og utforminga av krisepakkane. Denne lovnaden bør Regjeringa stå ved, og finansministeren bør formidle dette både til Giek som forvaltar lånegaranti-ordninga og bankane som møter kundane.

Vi bør ikkje ende opp slik at bedrifter som treng slik krisehjelp, ikkje får, og at den i staden går til bedrifter som hadde klart seg utan.