Sunnmørsposten meiner:

«Ros til Ålesund sjukehus for nytt behandlingstilbod»

Samarbeid: Nytt behandlingstilbod ved Ålesund sjukehus skal få eldre raskare på beina etter brotskadar.   Foto: Staale Wattø

Eldre med brotskadar har ofte dårleg prognose, og er ikkje pasientgruppa med høgast status

Leder

Nyleg var det snorklipping og feiring av nytt behandlingstilbod ved sjukehuset i Ålesund. Målet er å hjelpe eldre med brotskadar til å kome seg raskare på beina, og løysinga er eit tettare samarbeid mellom ortopedar og geriaterar. Dette tverrfaglege samarbeidet er det verdt å framheve.

Norge ligg på verdstoppen når det gjeld hoftebrot, med om lag 9.000 tilfelle i året. I motsetnad til yngre pasientar, som kan få full førleik etter hofteoperasjon, er risikoen stor for at eldre aldri kjem seg på beina igjen. Det er kostbart, først og fremst for den enkelte pasient i form av svekka livskvalitet, men også for samfunnet.

Det nye med omlegginga i Ålesund, er at eldre brotpasientar blir rekna som medisinske pasientar. Ortopeden behandlar sjølve brotet, medan geriateren, som er spesialist på aldersrelaterte sjukdomar, har ansvar for heilskapen i behandlinga. I norsk samanheng, er dette ei radikal endring, fortel overlege for slag og geriatri, Yngve Seljeseth ved Ålesund sjukehus til Sunnmørsposten. Tanken er at brotet ofte ikkje eigentleg er hovudproblemet, men eit symptom på underliggande skrøpeligheit som har ført til fall med skade. Dermed er det viktig å finne ut kva som er årsaka, for å unngå at pasienten blir endå meir svekka, og hamnar på sjukeheim. Geriaterane skal derfor systematisk vurdere pasientane for å optimalisere behandlinga, og sørge for vidare god oppfølging saman med det tverrfaglege teamet.


Slik skal eldre med bruddskader komme seg raskere på beina

Mandag var det snorklipping på Ålesund sjukehus.


Forsking har vist at såkalla ortogeriatri gir mange positive effektar, både medisinske og økonomiske. For den enkelte pasient kan det bety færre komplikasjonar, mindre behov for institusjonsplass og mindre behov for hjelp i heimen. Samfunnet kan spare mange millionar kroner.

Det er grunn til å spørje kvifor dette ikkje er innført tidlegare på alle sjukehus. Manglande samhandling og tverrfagleg samarbeid burde bli definert som kvalitetssvikt. Ei forklaring kan vere at det er kommunane som sparer pengar på ordninga, medan sjukehusa får auka kostnadar, i alle fall på kort sikt. Det er avgjerande viktig at dette blir sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.


Tillitsvalgte: Nå forventer vi god styring

Slik håper Helse Møre og Romsdal å bygge nytt akuttmottak og ny intensivavdeling ved Ålesund sjukehus.


Eldre med brotskadar har ofte dårleg prognose, og er ikkje pasientgruppa med høgast status. Derfor er det gledeleg at Ålesund sjukehus har valt å utvikle eit betre behandlingstilbod for desse som ikkje ropar høgast. Det skal dei ha ros for.