Regjeringa legg fram nye krisetiltak denne veka. Fredag får vi også nye arbeidsløysetal frå NAV. Krisepakken sin viktigaste jobb blir nettopp å banke talet på arbeidslause ned kjappast råd.

Der målet med dei første krisepakkane var å hjelpe bedriftene til å overvintre koronakrisa, må no målet vere å hjelpe bedrifter raskt ut av fryseboksa.

Ingenting er viktigare enn å hindre at arbeidsløysa bit seg fast.

Norge var tidleg ute med strenge smitteverntiltak, og har fått god kontroll med smittespreiinga. I tillegg har vi solide statsfinansar, og kraftfulle krisetiltak har gjort at folk flest har behalde kjøpekrafta.

Dette gjer at vi er mellom dei landa i Europa som kan ha best håp om ein rask økonomisk retur etter koronakrisa.

Her er vi på linje med Danmark, Tyskland, Finland og Polen, som i ein rapport frå Oxford Economics blir peika ut som dei best rusta landa i EU til å kickstarte økonomien.

Mange bedrifter ser då også allereie at omsetninga er i ferd med å kome tilbake. Talet på arbeidslause går ned. Gradvis er livet er tilbake i meir normalt gjenge for fleire.

Likevel er det klart at også mai-tala frå Nav vil skrive seg inn i eit mørkt kapittel i den norske økonomihistoria. For svært mange bedrifter er ikkje dei vanskelege tidene over på lenge enno.

Reiselivsbedrifter ser framleis store delar av årsomsetninga smuldre bort. Konsertarrangørar, treningssentera og andre som framleis er pålagde strenge smittevern-restriksjonar er i same båt.

I tillegg til korona-krisa står Norge med begge beina planta midt i ei ny oljekrise. Denne krisa kan verte den tyngste å kome seg ut av. Utfordringane her er meir langsiktige, og forsvinn ikkje når nedstenginga er slutt og meirkostnadane med pandemien er borte.

Bedriftene som vart råka av det brutale fallet i oljeprisen stod allereie i ein tung omstillingsjobb då korona-pandemien trefte dei.

Her skil Norge seg frå dei andre landa i Nord-Europa, som har nytte av lav oljepris når dei skal restarte økonomien.

Norske krisetiltak må difor slå i to retningar, i kamp mot to kriser som begge trugar norsk velferd og norske arbeidsplassar.

Nokre tiltak, slik som gode permitteringsordningar, kan vere felles. Andre utfordringar krev skreddarsaum.

Ei kriseramma bedrift får omsetninga si tilbake straks smitteverntiltaka er borte. Ei anna må omstille seg til heilt nye marknadar og gjere både seg og Norge mindre oljeavhengig samtidig som den må kjempe mot ein langvarig global lavkonjunktur.

Norsk økonomi og arbeidsmarknad treng begge.