Nerlandsøybrua i Herøy kommune er utrangert og må erstattast av ei ny. Det er alle einige om. Det er no åtte år sidan vegvesenet slo alarm og gav beskjed om at brua måtte bytast ut innan fem år. No er ein tre år på overtid. Ei rekkje alternativ har blitt greia ut, utan at fylkestinget har klart å samle seg om eit alternativ og makta å ta ei avgjerd om bygging av ny bru.

Brudekket er så nedslite at bilar punkterer i møte med armeringsjern som stikk opp. Styrken i brua er så dårleg at det er sett opp lysregulering for å avgrense talet på biler som køyrer over brua samstundes. Likevel har fylket brukt uendeleg med tid på å fatte eit investeringsvedtak. Årsaka er at ein har leita høgt og lågt i forsøk på å finne fram til billigaste mogelege løysingar.

Det har gått på lengda på ny bru kontra bruke store steinfyllingar på kvar side. Det har vore diskusjonar rundt stålbru kontra betongbru, det har vore diskusjonar rundt seglingshøgde og det har vore forhandlingar fram og tilbake om kor stort bidraget frå Herøy kommune skal vere.

Ein kan sikkert finne meir eller mindre gode argument for kvar og ein av alle desse utgreiingane, men resultatet talar sitt klare språk.

Fylkestinget vedtok no eit konsept for korleis ei ny bru kan byggast. Dette skal så inn til ei ny behandling i fylkesadministrasjonen. Her er ei rekkje tiltak for gang- og sykkelveg fjerna frå prosjektet. Det er lite framtidsretta.

Det er ei rekkje av dei mindre bruene langs kysten som enten må rivast eller står overfor omfattande opprustingar. Dette må fylkespolitikarane ta høgde for. Her vil det i åra som kjem vere behov for betydeleg investeringar. Då må dette prioriterast innanfor dei rammene fylket har. Prosessen for å få på plass ei ny bru til Nerlandsøya lovar ikkje godt for det vidare arbeidet med dette.

Herøy er ein av de sterkaste verdiskapingsregionane i heile fylket. Kommunen er bunden saman av ei rekkje bruer som er ein føresetnad for at næringslivet kan fungere godt. Da må ein forvente at fylkeskommunen gjer sin del av jobben for at denne viktige regionen kan utvikle seg vidare.